Caption: Klyngetunet i Dale i Norddal om lag 1900. Det er Peder Krohn som har teke biletet og folket på tunet gjer det nok til ære for fotografen. Røykstova av det neste huset er i dag skihytta til Norddal idrettslag på Rellingsætra. Den vart sett opp like etter at det nye huset vart reist i Dale etter krigen og innviingsfesten vart halde i juni 1951. Tømmeret frå den andre enden av huset vart frakta til Furhaugen ved Herdalsvatnet, tilpassa og sett opp som hytte der og har vore, og er fortsatt til nytte og glede.