Caption: Dette bildet har Ove Skylstad fått låne av Jan Torbjørn Jemtegård. I følgje Dagfinn Tafjord kan fotoet daterast tilbake til 1954 på grunn av naustbygginga i bakkant.
I følgje Jan Torbjørn Jemtegård syner fotoet Mb Tafjord ved Tafjord kai i 1954. I baguen står ”Lisje Pe” (Peder Rødal) fødd i 1878 i Neste Rødal oppattkalla etter faren som også heitte Peder Rødal. Lisje-Pe var onkelen til Jan Torbjørn Rødal. Lisje Pe dreiv mykje med anleggsarbeid mellom anna i Tafjordfjella i samband med kraftutbygginga der og under bygging av Bergensbana, der han jobba mykje med Gravhallstunnellen. Lisje-Pe dreiv også transport med tamrein for anleggsarbeidet i Tafjordfjella. Denne transporten dreiv han i lag med søskenbarnet sitt Sevald Grotli. Lisje-Pe ligg gravlagt på kyrkjegarden i Norddal.
– For vår del har fotoet vore viktig i restaureringsarbeidet, sidan det viser at taugjennomføringa går gjennom svinryggen (pussgatt) i staden for slik utforming den har hatt i seinare tid med halegatt på svineryggen. Denne endringa er no innarbeidd i restaureringa av båten, seier Ove Skylstad. og legg til at om lesarane har opplysningar om andre personar på fotoet eller om båten generelt så høyrer dei gjerne om dette.