• Name: Slåttonn på Almås i Stordal omkring 1930
  • Caption: Dei tre personane som står på marka framfor høyvogna, er frå venstre: Lovise Almås, Olav Almås og Karen Marie Almås. Lovise og Olav var søsken, og Karen Marie var mor deira. Mannen på høyvogna er ukjend. Lars Smoge fortel i boka si ”Eg minnest” at han og broren, Sverre, gjekk på skule på Almås ein gong på 1920-talet. Almås og Seljehaug høyrde til same skulekrins, og dei to brørne frå Smoge hadde på den tida ei morsøster på kvar av desse gardane. Karen Marie var morsøstera deira på Almås, og ho som budde i Seljehaug, heitte Inger. Dette var nok grunnen til at dei to brørne delvis fekk sin skulegang på Almås skule, men Lars og Sverre besøkte morsøstrene sine mange gonger elles også. Kan det vere ein av smogekarane som står på høyvogna? Stordal 25. november 2012 Kristian Almås