Caption: Aslaug f. Valdal (1901) og Ola Thue (1903) frå Åheim gifta seg i Sylte kyrkje 5. juni 1932, og feira dagen i Lånna på Tegane, der dei òg busette seg. Dette biletet utanfor huset er spesielt flott, med heile ti vakre brudepiker i fine, kvite kjolar. I fylgje ætteboka er dei mellom 9 og 28 år gamle. Frå venstre: Sigrid Døving (Linge) (1918), Kari Havnen (Vegsund) (1923), Nikka (Nikolina) Myren (Grønning) (1916), Greta (Margrete) Muri (1922), Åse Muri (Bærug) (1921), Helga Valdal (Kjølstad) (1904), Gunvor Årønes (Døving) (1922), Anne Kristine Ringdal (Sårheim), Magnhild Valdal (Hjelme) (1913), Åsta Moltu (Ouff) (1922). Seks av dei var syskenborna til mor og to var naboar. Og nesten alle er døde.