Caption: Det er Borghild Døving som sit i korga. Ein tur over elva ho hadde hatt mareritt og grua seg til lenge.
Fabrikkeigar Devold i Langevågen leigde elva og finansierte i 1938 eller 1939 denne «taubana» over elva, på eigedommen til «Gjerde-Gunnar». Det var mange gode fiskeplasser på begge sider av elva. Den vart bygd av «Gjerde-Gunnar» for han var spesialist på slike innretningar. Korga var i dagleg drift og vart nytta av alle i nabolaget. Den vart teken av storflaumen tidleg på 70 tallet, og vart aldri oppatt-bygd. Biletet er utlånt av Per Døving, son til ho i korga.