Aktivitetar i nærområdet

For borna har vi trampoline, leikarhus med sklie, vippedisse,
dissestativ og sandkasser.
I nærområdet fins eit flott turterreng, med merka løyper både i fjellet
og rundt om i grendene. Om vinteren er det oppkøyrde langrennsløyper 1 km frå campingplassen. Det er også høve til riding i området.

Har du lyst på ei forfriskane oppleving?
Då kan du bli med på raftetur i Valldøla, [Valldal Naturopplevingar] som er ei av Noregs beste rafteelvar, eller du kan ta deg ein dukkert i Tafjord Friluftsbad.
[Muritunet] finn du eit oppvarma innandørsbasseng.

Vinteren kan ein køyre i alpinanlegg i Stordal (Overøye 26 km)
eller [Stranda Skisenter] 25 km + ei ferje.

Det er svært godt lakse- og ørretfiske i området. Hos oss får du kjøpt fiskekort. Ønskjer du heller å prøve fiskelykka i sjøen, ligg den berre 9 km unna, ved Valldal sentrum.

Vi samarbeider med Jordbærstova om ulike former for servering. Jorsbærstova er ein liten, triveleg restaurant med jordbærkake som spesialitet. Her får du servert mat og drikke av beste kvalitet. For grupper er det høve til å bestille frukost.

Fotogalleri