Ein fin sommar på Skotet

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Søndag var det matfestival på Ytste Skotet, og til liks med dei andre temasøndagen i sommar, var det mange som tok turen.

– Med tanke på at det var meldt nokså ustabilt vêr søndag, hadde vi rekna med ein stad mellom 30 og 50 gjestar denne dagen. Det kom kring 40 i tillegg til ein del dugnadsfolk, så det vart omtrent som forventa og det er eg godt nøgd med, seier Kirsi Räty. Les meir →

Utsikt mange vegar

Om lag 150 menneske var innom Mosætra i løpet av arrangementet sist søndag. Foto: Anna Margrethe Drægebø Moe.

Om lag 150 menneske var innom Mosætra i løpet av arrangementet sist søndag.
Foto: Anna Margrethe Drægebø Moe.

I løpet av dagen det var Mosætersøndag, var 150 menneske innom sætra i Stordal med den flotte utsikta.

Det er fjerde året Mosæter Vel arrangerer sætersøndag med aktivitetar og forfriskingar. Les meir →