Fekk velfortent heider frå Tine

Bøndene på Lilleåsen og Overå fekk heider frå Tine. Karl Inge Lilleås fekk 20-årsplakett og Randi Overaa og Svein Henning Haugen fekk 10-årsplakett for å ha levert elitemjølk samanhengande over lang tid.

Bøndene på Lilleåsen og Overå fekk heider frå Tine. Karl Inge Lilleås fekk 20-årsplakett og Randi Overaa og Svein Henning Haugen fekk 10-årsplakett for å ha levert elitemjølk samanhengande over lang tid.

Karl Inge Lilleås i Norddal har levert elitemjølk i 20 av dei siste 22 åra. For det fekk han 20-årsplakett av Tine sist torsdag. Randi Overaa og Svein Henning Haugen i Liabygda har levert elite-mjølk i 10 av dei siste 12 åra og fekk 10-årsplakett for den innsatsen.

Karl Inge Lilleås legg ikkje skul på at han er stolt av det arbeidet han har gjort og påskjønninga han har fått. Ordførar i Tine og leiar i rådet i Tine, Jarle Bogen, seier at denne prisen heng høgt og krev ein ekstra innsats av bonden samanhengande over lang tid.

Betre pris på mjølka
Ein slik pris har mange positive sider. Friske dyr er ein ting, høgare pris for mjølka ein annan. I dag betyr levering av elitemjølk 30 øre ekstra per liter mjølk.

– Det er mykje av nettoen det når du driv med mjølkeproduksjon, seier Karl Inge Lilleås. Føremålet med å dele ut plakettane er å verdsetje dyktige og interesserte mjølkeprodusentar og stimulere til produksjon av mjølk med høg kvalitet og auke interssa for godt fjøsstell og gardsdrift.

Meir enn ein jobb
– Fôret skal vere reint og av god kvalitet, viss ikkje vert sporar og frie feittsyrer eit problem, men den viktigaste jobben er i fjøsen, seier bonden på garden Lilleås i Norddal. Du skal ha kontroll på rutinane kvar dag, dyr med høgt celletal skal følgjast opp og behandlast eller fjernast frå besetninga. Høge celletal er eit uttrykk for jurhelsa til dyra og at ein betennelse ikkje er langt unna. Det er andre faktorar som òg kan påverke celletala. Brunst er ein av dei og då er celletala høge ein dag eller to før dei er attende til normalen, det er slik bonden har oversikt over.

Ellingsgarden
Produsentlaget 420 Indre Sunnmøre hadde møte i Valldal sist torsdag og produsentane fekk ei orientering av ordførar i Tine-rådet Jarle Bogen før plakettutdelinga.

Randi Overaa og Svein Henning Haugen driv Ellingsgarden på Overå i Liabygda. Gardsdrift og dyrehelse er for dei i tillegg til ein jobb både ei interesse og ein livsstil. 10-årsplaketten frå Tine set dei stor pris på.

– Det er ei stor arbeidsmengde og det krev ein heil del tid å vere mjølkebonde, så no skal vi trappe ned mjølkeproduksjonen og gå over til kjøtproduksjon, seier Svein Henning Haugen. Omlegginga skal skje gradvis frå denne våren. Dei startar i det små og skal i fyrste omgang ende opp med om lag totalt 35 dyr. Då skal kalvane få mjølk av mor si, såkalla ammekyr. Dei to bøndene på Overå håper omlegginga går slik dei har tenkt det og ser fram til å bruke mindre tid i fjøsane på garden.