Fjordsenteret har vorte nytt

Mange nye dyr har flytta inn på Fjordsenteret og ein kan sjå både dei som lever i vatnet som ein ikkje ser så ofte og dei vi kan risikere å møte på turar rundt om i verdsarvområdet.

Mange nye dyr har flytta inn på Fjordsenteret og ein kan sjå både dei som lever i vatnet som ein ikkje ser så ofte og dei vi kan risikere å møte på turar rundt om i verdsarvområdet.

Det har den siste tida vore arbeidd på spreng for å få den nye utstillinga på Fjordsenteret ferdig til Grøn Fjord-konferansen. Dei kom i mål, og resultatet er blitt friskt, informativt og leikent.

Norsk Fjordsenter er blitt autorisert som verdsarvsenter og i det høvet har det i noko tid vore lagt ned eit omfattande arbeid med å oppgradere fjordsenteret slik at det stettar krava til eit nasjonalt autorisert verdsarvsenter.

Mykje arbeid
Planen har vore at det ”nye” senteret skulle opnast i samband med Grøn fjord-konferansen, det greidde dei, sjølv om det vart rapportert om nærast døgnkon-tinuerleg aktivitet i innspurten.

Onsdag kveld i førre veke var det altså tid for nyopninga og bygdefolk og andre interesserte var inviterte til å kome og sjå dei nye utstillingane.

Leikent og fargerikt
Sjølv om det er gjort endringar også i hovudutstillinga, er det særleg i underetasjen ein ser dei store endringane mellom før og no. Der det før var kontor, er det no blitt utstilling og ei avdeling for barn der det er høve til både å gjere og lære.

I samarbeid med formidlingsleiar ved Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg, har Berit Barlaup og Arti Design planlagt og jobba fram prosjektet. Det vart også retta stor takk til Eidsdal Bygdeservice som er dei som har stått for byggjearbeidet.

Resultatet osar av leikenheit og kreativitet, det er fargerikt, oppfinnsamt og ikkje minst, lærerikt om mange emne.

I utstillinga vi kjenner frå før, er mykje akkurat slik det var – båten tutar og voggar framleis, det gjer også skredet når ein kjem så langt inn i utstillinga. Likevel, det er mykje nytt også her.

Borte er dei mange tekstrike plakatane, dei er blitt erstatta med bilete, kortfatta informasjon og med fordjupingsstasjonar slik at dei som har tid og lyst til å vite meir kan få gjere det. Dyr, både på land og i vatnet har flytta inn, det er for å vise at det er eit mangfald også her.

Kinosalen er også blitt ny, med nytt lerret og ikkje minst, ny teknologi slik at kinosalen faktisk også kan nyttast til filmframvising om ein vil det.