Ledig stilling som redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt

 

Storfjordnytt er lokalavisa for Norddal og Stordal i tillegg til bygdene Geiranger og Liabygda i Stranda. Avisa er eigd av Storfjord Bladlag AS, med meir enn 500 lokale aksjonærar. I tillegg til å gi ut lokalavis, tek bedrifta også på seg ulike grafiske tenester. Det er i dag tre fast tilsette i avisa i tilelgg til ein frilans-journalist. Avisa er medlem i Landslaget for lokalaviser. Avisa vert rediegert på nynorsk. Storfjordnytt held til i Valldal, kommunesenteret i Norddal kommune. I området er det eit rikt organisasjonsliv innan kultur og idrett. Her er gode forhold for friluftsliv både sommar og vinter.

Storfjordnytt søkjer
redaktør/dagleg leiar

frå 1. august 2016

Har du lyst til å vere med å utvikle ei lita lokalavis? Redaktør/dagleg leiar sluttar og vi søkjer ein etterfølgjar.

Arbeidsoppgåver:
– Ansvar for det redaksjonelle innhaldet i avisa
– Ansvar for dagleg leiing og økonomisk styring

Personlege eigenskapar:
– Nysgjerrig på lokalsamfunnet
– Gode samarbeidsevner
– Løysingsorientert og nyskapande
– Økonomiskinnsikt

Kontaktinformasjon:
Styreleiar Hegelin Waldal tlf. 913 70136, epost: hegelin@spraksmia.no.
Redaktør/dagleg leiar Randi Flø, tlf. 917 19637, epost: randi@storfjordnytt.no
Send søknad innan 1. mai til hegelin@spraksmia.no.
Søknadsfrist: 1. mai 2016.


 

10_hus

Drøymer du om eit bekymringsfritt liv med enkle arbeidsoppgåver i eit idyllisk verdsarvområde?

Gløym det!

Du har sjansen til å bli redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt!

Utlysing på NAV

Redaktøren vår sluttar over sommaren, og vi leitar etter nokon som vil vere med på å utvikle lokalavisa vår vidare.

Mange trur kanskje at vi lever av gull i grøne verdsarvskogar, og at vi ikkje ottast for ein ting. Vel er her fint, men vi lever nok ikkje på ei rosa sky. Livet i ein liten lokalavisredaksjon er utfordrande.

Det er mange arbeidsoppgåver og få hender. Dei tilsette må ha blikk for mykje, og vere villige til å jobbe kveld og helg. Ein redaktør og dagleg leiar må både kunne å ta gode redaksjonelle val og ha eit godt grep om øko-nomien til avisa.


 

r2

Drøymer du om feit lønn, freistande frynsegode og funklande fallskjerm?

Gløym det!

Du har sjansen til å bli redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt
– ei verd der slike gode glimrar med sitt fråvær.

Utlysing på NAV

Samanlikna med draumen ovanfor kan du brette lønna til ein lokalavisredaktør saman i baklomma. Men du får fornuftig lønn, og jobben er rik på store og små opplevingar, i eit arbeidsmiljø der du må ta hand om både dei små og dei store oppgåvene.

Jobben som redaktør i lokalavisa er ikkje ein jobb for latsabbar – det er alltid eit møte som skal haldast, eit skjema for opplagskontroll som skal fyllast ut, eller ei synfaring som skal fotograferast. Til vederlag får du høve til å dekkje ei tilstelling på kveldstid – når dei andre har fri.


 

r3

Drøymer du om eit kjendisfylt tilvære med heva sjampanjeglas og høg spenning i arbeidskvardagen?

Då har vi kanskje jobben for deg!
Du har sjansen til å bli redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt!

I eit lokalmiljø er vi alle også kjendisar – om det er ho læraren på skulen, han der på butikken, ho bonden utpå åkeren eller han blide som jobbar på ferja. Vi veit jo om kvarandre.

Det er også eit stort spenn i sakene vi dekkjer.
Vi veit at biletet av det vesle barnet som plukkar den første blomsteren om våren, intervjuet med ungdommen som har vunne ei fartsfylt tevling, eller biletet og omtalen frå messa til husflidslaget er like viktige som det engasjerte lesarinnlegget. Alle må vere med.


 

avisDersom du har erfaring og kunnskap frå mediebransjen, og i tillegg har ryddige vanar og god innsikt i økonomistyring, er du kanskje den vi leitar etter?

Kontakt redaktør Randi Flø, tlf. 91 71 96 37 eller styreleiar Hegelin Waldal, tlf. 91 37 01 36 for meir informasjon, og send søknad med CV og referansar til styret for Storfjord Bladlag ved Hegelin Waldal på hegelin@spraksmia.no.

Søknadsfrist: Vi må ha søknaden i hende innan 1. mai 2016.

Storfjordnytt er lokalavisa for indre Sunnmøre og dekkjer Norddal kommune,
Stordal kommune og delar av Stranda kommune. Redaksjonen er i Valldal.

Storfjordnytt Pb 134, 6211 Valldal | Tlf 70 25 78 50