Bruktbutikken opnar laurdag

Denne gjengen frå Eidsdal-Norddal Røde Kors har lagt ned mykje arbeid – og framleis står ein del att – før opninga om to dagar, sjølv om litt allereie er plassert i hyllene for at kundane skal få sjå. Frå venstre: Lene Hanset, Gjertrud Melchior, Ragnhild Døving, Rigmor Lund og Asgeir Storås.

Denne gjengen frå Eidsdal-Norddal Røde Kors har lagt ned mykje arbeid – og framleis står ein del att – før opninga om to dagar, sjølv om litt allereie er plassert i hyllene for at kundane skal få sjå. Frå venstre: Lene Hanset, Gjertrud Melchior, Ragnhild Døving, Rigmor Lund og Asgeir Storås.

I rekkja av positive nyskapingar i Eidsdal sentrum, føyer bruktbutikken til Eidsdal-Norddal Røde Kors seg godt inn i rekkja. Og laurdag opnar dei dørene til butikken på ”posthuset”.

 

Målet for den glade gjengen frå Røde Kors er å skape ein heilt uformell møtestad, i tillegg til sjølvsagt å drive butikk. Noko av grunnen til at dei no installerer seg på ”posten”, er at alt som er blitt til overs etter ymse loppemarknader er lagra i tredje etasje på Røde Kors-huset – no vil dei gjerne gå i gang med å innreie etasjen til mellom anna kontorføremål, og då må alle loppene ut.

– Vi har fått ein god leigeavtale frå no og ut juni, dette er eit prøveprosjekt og vi har tida fram til då til å sjå korleis det går, seier leiar av Eidsdal-Norddal Røde Kors, Ragnhild Døving.

Fordelen dei ser med å installere seg i sentrum, er at ein kan få fleire salsdagar enn berre ein loppemarknaddag no og då.

– Og vi går litt bort frå dei reine loppene, men tar gjerne imot litt skikkelegare ting. Folk må gjerne halde fram med å kome med ting dei ikkje treng sjølve, men det må vere heilt og pent og brukande, seier Gjertrud Melchior.

– Noko anna som er viktig for oss, er at folk ser at Røde Kors er aktive, seier Ragnhild.

Alt på stell
Då dei fekk tilslag på lokala, var det rydding som var det første dei måtte gå i gang med. Dei fem fortel at det var fullt av alt frå isolasjon til byggmateriale av ymse slag. Så det har vore eit stort arbeid med å rydde ut og vaske ned før dei kunne starte det endå større arbeidet med å tøme Røde Kors-huset for salsvarer.

Alt på stell med tanke på det formelle har dei også, førre veke gav Sunnmøre politidistrikt brukthandelløyve til Eidsdal-Norddal Røde Kors.

– Det betyr at vi må ha kontroll på alt av varer som kjem inn og som vert selt. Og så er det slik at når vi får inn nye ting, må vi oppbevare dei i to veker før vi kan leggje dei ut for sal. Men det skal vi greie å lage oss eit system på, slår Ragnhild fast.

Eigaren av lokalet har dei aldri møtt, berre hatt telefonisk kontakt, men han heiter Erik Slettum og driv noko som heiter Gjøbi Eiendom AS i Gjøvik. Ragnhild Døving fortel at selskapet driv med kjøp av eigedommar som vert sett i stand og anten seld vidare eller leigde ut.

– Eg har inntrykk av at han er svært lokalt orientert, for han har fortalt at han berre har venta på å bli kontakta av lokale interessentar, seier ho.

Ein stad å samlast
Laurdag opnar dei dørene til bruktbutikken, og den vil også bli open iallfall onsdag i påskeveka.

– Det har vore den tradisjonelle loppemarknaddagen vår, så sjølvsagt må vi ha ope då, seier dei.

Ansvaret for å stå i butikken vil gå på rundgang og initiativtakarar til tiltaket er i hovudsak arrangementskomiteen og omsorgsgruppa.

– Men heile laget stiller på, forsikrar Ragnhild.

Asgeir Storås fortel at det har vore stor interesse i bygda, han får stadig spørsmål frå folk om kva tid butikken opnar, så håpet om at det kan bli ein møteplass der folk kan stikke innom for ein kaffi og ein prat, ser ut til å kunne bli ein realitet.

– Det er kjekt om dette kan bli ein møteplass, slår dei fem fast samstundes som dei presiserer at dei på ingen måte skal konkurrere med kafeen når den etter kvart opnar.