UT på tur

Frå Flyene i Tafjord har du ei fantastiks utsikt og ikkje tek det langt tid å kome seg dit.

Frå Flyene i Tafjord har du ei fantastiks utsikt og ikkje tek det langt tid å kome seg dit.

Søndag 1. mai startar årets Stikk UT! sesong. I år tilbyr Sunnmøre friluftsråd og samarbeidspartnarane 119 turmål fordelt på dei ni medlemskommunane Ålesund, Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Vestnes, Stordal og Norddal. Dette er 37 fleire turar enn i debutsesongen i fjor, og 45 av turane er nye.

Dei 119 turane representerer eit stort mangfald.

Her er alt frå flate korte turar på asfalterte vegar, til toppturar som ikkje er tilgjengelege før snøen smeltar. Her er turar i fjell og fjøre, på kysten og i innlandet, i skog og over myrer. Nokre går i tettbygde område, andre langt til fjells. Målet er at dei aller fleste skal finne Stikk UT!-turar dei klarer. Og nokre å strekkje seg etter.

Sjekk ut heimesidene

Du kan òg registrerer deg på heimesidene å bli ein del av statistikken 🙂

 

Her er Stikk UT sine turar i Norddal og Stordal

Norddal
23.Bedringens veg
24.Brekkevatnet
25.Flyene
26.Gamlevegen frå Alstad til Grønning
27.Heggurdalen
28.Kallskaret
29.Kilstisetra
30.Kroken – gamlevegen Norddal
31.Laupen
32.Litleåsskagen og Storåsnakken
33.Muldal
34.Rongane
35.Ruggå
36.Steindalsstølen
37.Tretindanibba
38.Vardefjellet

Stordal
50.Dyrdalstinden
51.Elvaforbygninga
52.Grigås natursti
53.Jasvollbotn (Botnastølen)
54.Kokarsteinen
55.Løsetnakken
56.Mebusætra
57.Mosætra
58.Sandfjellet -Heimsteskorkja
59.Storheimshornet
60.Storvasshytta
61.Svartevatnet
62.Varden
63.Vikahornet
64.Øyna rundt