Set fokus på Olavstradisjonane også til sjøs

Monika Tettli og Morten Gravdal meiner det er på høg tid å gjere området meir interessant for pilegrimar. Som eit ledd i å fortelje meir om Olavstradisjonane og livet elles vil dei ta folk med på fjorden.

Monika Tettli og Morten Gravdal meiner det er på høg tid å gjere området meir interessant for pilegrimar. Som eit ledd i å fortelje meir om Olavstradisjonane og livet elles vil dei ta folk med på fjorden.

– Vi vil gjerne ta med pilegrimar og turistar ut på fjorden for å fortelje om Olav og hans ferd inn gjennom fjorden og fram gjennom dalen.

Det seier Monika Tettli og Morten Gravdal i Valldal. Saman har dei starta bedrifta “Sailing Pilgrim”. Om ein månad kjem vikingskipet “Birk” og legg til kai i Valldal. Den elleve meter lange båten med fem årepar har dei leigd av Jakob Helset i Bjørkedalen. Dei kallar dette eit prøveprosjekt, planen er å ta med folk utpå fjorden, der dei får ro dette vikingskipet. Samstundes får dei informasjon om Olav den heilage, dei får sjå både pengehola ved Ospahjellen og årebladet i berget ved fjorden innover mot Fjørå. I tillegg vil dei fortelje om livet mellom fjord og fjell i området.

Fokus
Dei to er opptekne av at det vert meir fokus på Olavstradisjonane i området, ikkje minst no etter at pilegrimsleia frå Valldal via Lesja og Dovre til Nidaros vart opna i september.

– Det har vorte meir og meir populært å gå pilegrim. Og det er synd det ikkje er meir fokus på dette her, seier dei to, som meiner det forpliktar kommunen å ta vare på pilegrimar som kjem hit for å gå pilegrimsleia.

Dei har snakka mykje om det og prøvd å finne ut kva dei sjølve kan gjere.

– Plutseleg hamna vi opp med eit vikingskip frå Bjørkedalen, seier Monika og ler og legg til at etter kvart som dei har snakka om det og kome på idear, har dei enda opp med ein plan, som dei førebels vil kalle eit prøveprosjekt.

Turen dei legg opp til vil vare rundt tre timar. Dei reknar med at rokunnskapane blant folk som blir med på fjorden er varierande. Derfor har dei også skaffa ein åtte hestar påhengsmotor til hjelp.

Dei har fått løyve av kailaget til å leggje ut ei flytebrygge i tilknyting til piren ved ferjekaia.

Dei reknar med å bruke dei to første vekene til å gjere seg kjende med båten og håper å få med nokon på prøvetur. Kanskje kan dei ha eit tilbod på 17. mai.

– I tillegg til å fortelje om Olav si ferd, synest vi også det er verd å ta med historia om livet langs fjorden. Her er mange historier som er interessante, til dømes om jordmor Jensine, om korleis folk levde her for ikkje så lenge sidan. Dei rodde til kyrkje i all slags vêr. Det kunne vere tøffe tak, ikkje minst for kvinnene, seier Monika og legg til at Norddal har så mykje å tilby, kanskje ser ein det betre når ein kjem utanfrå.

Olav den heilage
Dei har mange tankar kring dette med fokus på Olav den heilage.

– Kvifor blir det ikkje sett opp ein benk ved Olavsstøtta? Vegen opp Korsbrekka er lang og bratt og det kan vere godt å få setje seg ned der, seier Morten. Kyrkja i samarbeid med kommunen har søkt om midlar til å setje opp som ein gapahuk eller ein seremonistad der.

Dei søkte om å få leige servicebygget på hamna til eit pilegrimsenter, men det er det andre søkjarar som har fått tilbod om. Dei seier at dei i første omgang ikkje er så avhengige av lokale, men dei meiner pilegrimar som kjem hit, burde ha ein stad å vende seg og finne informasjon.

Inst inne drøymer dei om å få til eit pilegrimsenter, der dei kan selje stavar, informasjon og anna.

Astor Furseth arbeider med å lage eit lite hefte der Snorre si forteljing om Olav si ferd gjennom Valldal er trykt opp i tillegg til at tradisjonar om Olav her i bygda også skal meir fram i lyset. Dette skal trykkast på engelsk og tysk, ved sida av norsk.

Det elleve meter lange vikingskipet Birk klappar til kai i Valldal i slutten av april og blir eit nytt tilbod innan reiselivet på indre. Det er Jacob Helset i Bjørkedalen som har bygd båten og vil leige han ut.

Det elleve meter lange vikingskipet Birk klappar til kai i Valldal i slutten av april og blir eit nytt tilbod innan reiselivet på indre. Det er Jacob Helset i Bjørkedalen som har bygd båten og vil leige han ut.

Vikingtida
– Nokre meiner at Olav den heilage ikkje var heilt god og ikkje bør dyrkast som helgen?

– Då må vi prøve å setje oss inn i haldningane som var i vikingtida, kva samtid folk levde i. Ideala var dei som kunne kjempe, det var ikkje snakk om mekling, men å vise handlekraft. At Olav kristna Norge med sverd er ei sanning med modifikasjonar, sjølv om det var mykje blod som flaut, seier Monika. Morten legg til at det var Olav som innførte forbod mor fleirkoneri og barneofring. Menneskeverdet var lik null, men Olav heva det mange hakk. Han hadde oppsedinga frå Frankrike og var døypt i katedralen i Rouen.

– Det er ei blodig historie, men det er viktig å få fram det positive, ikkje berre det negative, seier dei.

Internasjonal
Dei viser til at Olav den heilage er kjend i heile verda. Sist sommar hadde dei besøk av vennar frå Minneapolis i USA. Då han tok dei med til Korsbrekka, opplevde dei det som veldig sterkt. Den eine hadde caps med St. Olavs College og den andre T-skjorte og begge hadde tilknyting til denne skulen.

– Vi må kunne vere stolte av det vi har og belyse det på godt og vondt, seier dei to.

Heimsida Sailing pilgrim