Månadsarki: august 2015
Utsikt mange vegar
I løpet av dagen det var Mosætersøndag, var 150 menneske innom sætra i Stordal med den flotte utsikta.
Det er fjerde året Mosæter Vel arrangerer sætersøndag med aktivitetar og forfriskingar. Les meir
Sol og varm sand i Muribugen
Dei herlege dagane med sol og varme den siste tida har fått folk til å finne fram badetøyet og vegen ned til fjorden. På badeplassen, som før sesongen starta, vart rydda og oppgradert av Valldal Hornmusikklag og elles folk som hadde lyst, har folk stokosa seg dei solfylte dagane.
I helga stod bilane tett og born og vaksne slikka sol og bada i den friske fjorden.