Arbeidet med bygget for idrett og kultur ved Valldal skule går etter planen.
No er mykje av grunnarbeidet og fundamenteringa gjort til sjølve hallen. Det er støypt murar som stålbygget skal settast på og som det skal fyllast masse inntil for å lage parkeringsplassar på baksida av bygget.
Når stålrammene vert reist, skal det på plass plater på veggane som er ferdig isolerte og lakkerte på begge sider. Sjølve bygget reknar Asbjørn Eide i Norddal Eigedomsselskap KF skal vere utvendig ferdig og tett før jul dette året.
Skal fremstå som nytt
På det eksisterande bygget er dei i full gang med riving og miljøsanering. Bygget skal framstå som heilt nytt når det står ferdig. Akkurat no er det taktekking og isolering i tillegg til utsaging av nye opningar til vindauge og å støype att opningane i nordenden av bygget det vert arbeidd med.
Mellombygget skal i første etasje inneheld garderobar og i andre høgda skal det vere møterom og tekniske rom.
Begrenser trafikken
Det er stor aktivitet i området og dei store bussane slepper elevane av i botnen av Moabrauta slik at dei går den siste biten til skulen.
– Det er viktig at bilbruken opp til skulen vert avgrensa, slik at entreprenør og dei som skal levere varer til byggeplassen ikkje vert hindra. Til no har det gått bra og det håper vi det gjer i fortsettinga òg, seier rektor Magne Krogh.