Ein fin sommar på Skotet

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Søndag var det matfestival på Ytste Skotet, og til liks med dei andre temasøndagen i sommar, var det mange som tok turen.

– Med tanke på at det var meldt nokså ustabilt vêr søndag, hadde vi rekna med ein stad mellom 30 og 50 gjestar denne dagen. Det kom kring 40 i tillegg til ein del dugnadsfolk, så det vart omtrent som forventa og det er eg godt nøgd med, seier Kirsi Räty.

På matfestivalen kunne ein mellom anna få vere med å bake barkebrød og kinne smør, i tillegg til at det var høve til å smake på slikt som lefser, søst, flatbrød, brunost og anna.

Ope endå litt til
Temasøndagane som den i helga, har det vore seks av i løpet av sommaren synest ho også har fungert veldig bra.

– Før var det slik at det var båtskyss kvar søndag, men det gjorde vanskeleg å planlegge, seier ho og legg til at enkelte dagar kom det berre nokre få, medan det andre dagar kunne røyse på med folk. Difor har Stiftinga Sunnmøre Museum som driv garden på vegner av eigaren Storfjordens Venner, dette året forsøkt seg med temasøndagar.

– Det har fungert bra, vi har fått folk meir samla og det har vore godt besøkte dagar, seier ho.

I tillegg har det dagleg – iallfall i perioder med finevêr – kome besøkande over fjellet. Og sjølv om sesongen på fjellgarden ikkje er over før andre veka i oktober, seier Räty at sesongen har vore god – betre enn dei siste par åra. Mellom anna har det vore fleire skuleklassar enn tidlegare.

– Og skuleklassar er noko vi gjerne vil ha.

September seier ho blir ein travel månad, det er fullpakka med grupper og skuleklassar heile månaden, også i oktober.

– Og så har vi tre dugnadshelger gjennom sesongen, og den siste for i år blir første helga i oktober, seier ho.

Ein meiningsfylt jobb
– Trivest du med å vere på Skotet?

– Ja, eg trivest veldig godt. Innimellom kan det vere litt stress i og med at garden ligg slik til som den gjer utan veg, men denne sesongen har alt fungert bra eigentleg, fortel ho. Räty seier mykje av grunnen til at det har gått så bra i år, er gode medhjelparar.

– Det er ein meiningsfull jobb eg har, spesielt når det er born på besøk. Å la dei lære naturen å kjenne, lære kvarandre å kjenne og at dei lærer om røtene sine, er viktig og det er kjekt å sjå kor dei kosar seg medan dei er her, seier ho. I tillegg synest ho det er ein utruleg vakker plass å vere.

– Eg kjenner meg veldig heldig som får ha ein slik jobb, seier ho.

Når ho ikkje er på Ytste Skotet, bur ho i Volda og har kontorplass der og i Ørsta. Der driv ho med ymse papirarbeid og rapportering, men har også ein stor grad av formidlingsoppgåver for Stiftinga Sunnmøre Museum.

– Og litt avspasering blir det også, seier ho, sjølv om ho faktisk fekk litt sommarferie i år.

– I sommar fekk eg tre og ei halv vekes ferie i juli, takka vere frivillige frå Storfjordens Venner som kom og heldt drifta her gåande. I det heile tatt, dei frivillige er ein kjemperessurs, seier ho og avsluttar med at nettopp det er det som er så fint med Skotet, at det er så mange frivillige som bryr seg om staden og som trår til når det er behov for det.