Siste dag med laksefiske i Valldøla

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Under Hoelsbrua i Valldal treff Storfjordnytt to ivrige laksefiskarar måndag denne veka. I bilen ligg to laksar på godt over seks kilo og no har dei ei lita pause i det fine vêret.

Plassen under Hoelsbrua i Valldal er i seg sjølv ei naturoppleving. Med kvelvingen frå brua over, ein flott kulp, eit lite kraftverk og vatn som i sola er litt turkis.

Mark og sluk
Jonas Strande frå Skodje og Tor Atle Myklebust frå Harøya er ivrige fiskarar. Jonas fiskar mest i Stordal, men denne dagen er dei to i lag i Valldal på den siste fiskedagen. Begge laksane var det Tor Atle som fekk på kroken, ein på makk og ein på sluk. Begge gongane fekk han dei medan Jonas berre skulle opp i bilen ein tur.

– No får du Tor Atle gå opp i bilen og vise journalisen fiskane dine, så kanskje eg får napp, seier Jonas Strande og ler.

Fiskar fast
Tor Atle Myklebust har dei siste fire åra fiska fast i området rundt Hoelsbrua i Valldal. Han synest denne elva og plassen er heilt super å fiske på.

– Her vert eg tatt godt i mot og fisk får eg. Denne sesongen har eg fått 14 laksar til no, seier Tor Atle. Akkurat no skulle han gjerne hatt litt meir vatn i elva, men seier det var rikeleg med vatn i starten.

– Eg fiska tidleg i flaumstor elv. Den var stå stor at det var vanskeleg å fiske, men eg kunne ikkje la vere å prøve. Då fekk eg ein laks på 10,5 kilo i den strie elva, det var litt av ei oppleving med ein så sterk fisk, seier han. Ein av grunneigarane har laga ein gapahuk nede ved elva og der har fiskarane det kjekt i lag. Ofte vert litt mindre laksar lagt på grillen i lystig lag, kan den nøgde fiskaren fortelje.

Naturoppleving
– Å kjenne kreftene til ein stor laks er litt av ei oppleving. Får du først ein blankfisk på troa, er det gjort, sier Jonas Strande. Begge fiskarane opplever det å få ein laks på kroken som ein heftig augneblink. No når fiske i elva tek slutt, startar Jonas Strande på hjortejakt. Tor Atle jaktar ikkje hjort og må vente til ein ny sesong med laksefiske for å oppleve spenninga og naturopplevinga.

Den fisken dei fiskar brukar dei mest til å lage røykalaks av. Jonas vakumpakkar dei utan å ta ut innmaten og frys dei, medan Tor Atle gjer dei opp og frys dei. Han lar dei ligge tre dagar i frysen før han tek dei opp og dyppar dei i ferskvatn og frys dei att. Det gjentek han ein gong slik at den frosen fisken får ein isglasur som gjer at den held seg betre.

Tor Atle Myklebust med dagens fangst, to flotte laksar på godt over seks kilo.

Tor Atle Myklebust med dagens fangst, to flotte laksar på godt over seks kilo.