Triveleg folkedanskafe

Folkedans kan også innehalde litt akrobatikk.

Folkedans kan også innehalde litt akrobatikk.

Søndag inviterte leikarringen i Stordal til folkedanskafe på grendahuset, det vart ein times tid med humør, med dans – og sjølvsagt kaffi, kaker og tombola.

Folkedanskafeen er avsluttinga på øvingsdag med folkedansgruppa frå Sykkylven. Dei har øvd saman tidlegare også, i januar og no – og tilstellinga vart skipa til for at dei skulle få vise kva dei har lært. Etter litt nervøsitet i starten slik at dei vaksne bestemte seg for å danse i lag med dei, gjekk det rett så fint for dei unge dansarane og publikum fekk sjå både traktordans og snuspolka og mykje anna.

Ole Magnar Øvrebust fortel at grunnen til at dei har hatt øvingar med Sykkylven, er at dei begge har små grupper, i leikarringen i Stordal er det ti-tolv ungar som er med på øvingane.

– Nokre gongar er det litt kjekkare å vere fleire, og då er det fint å ha slike som dei i Sykkylven å samarbeide med, seier han og kikar utover borda som er sette opp langsmed veggane slik at det er god plass på golvet til dans.

– Det er veldig kjekt å sjå at så mange har funne vegen hit i ettermiddag, seier han og håper at arrangement som dette gjer at endå fleire har lyst til å henge seg med i dansen.

Dansarar frå Stordal og Sykkylven møstest av og til.

Folkedans kan også innehalde litt akrobatikk.