Karl og Iver Ytterdal frå Gjertgarden i Ytterdal/Eidsdal

I ætteboka finn ein at Karl og Iver var dei to yngste i ein barneflokk på sju som voks opp i Gjertgarden, born av Inger Larsdotter Valldal og Gjert Knutson Ytterdal. Karl var fødd i 1892 og Iver i 1895. Under “merknad” står at begge drog til USA.

Nils Kristoffer Knutson Ytterdal (1849-1930 – yngre bror av odelsgut Gjert) gifta seg i 1880 med enkje Oline Pedersdotter Eide (Pe-garden). Deira son, Karl Gustav, gifta seg med  Ingeborg Trondstad og etablerte seg i “Nyhusa” på Eide (born – Nils og Harald).

Karl og Iver hadde eit søskenbarn, Iver Olaus, som var fødd same året som Karl (1892).Han var son til Gjertgutane si faste, Anne Pernille. Denne “Iver” busette seg i Oslo og var gift to gonger. Han dreiv m.a. ei kjemisk bedrift som heitte “Fønix”.

Kaspar minnest at Gjert-Karl og Iver var på besøk hjå søskenbarnet deira, Gustav, som var Kaspar sin farfar. Dei hadde m.a. med seg skokrem som det stod fabrikkmerket “Fønix” på.

Kaspar Eide minnest at familien mottok eit postkort frå Amerika med songen “NORDDAL” på, tileigna Norddals sogn. På vedlagte kopi finst denne songen til melodi “Gud signe den dag” underskrive “Carl” frå New-Home i oktober 1925.

Kaspar trur elles at det kanskje er ein samanheng mellom Gjert-Karl og Fjellro i Valldal (New Home House) – og etterlyser kunnskapar om dette.

songnorddal