Skribentarkiv: Randi Flø

Lærer gammal byggemetode

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

– Grindbygg er ein beundringsverdig byggemåte.

Det seier Andreas Ødegaard og Ole Sander Ytterli. Dei er dei to yngste som er med kurset i grindbygg. Begge to er under utdanning som tømrar, Andreas går siste året som tømrar på Borgund vidaregåande medan Sander er tømrarlærling hos Duo Bygg i Valldal. Les meir

Stor oppslutning om streiken

Mange streikande samla seg utanfor Spar i Valldal onsdag 28. januar for å markere si misnøye med regjeringa sitt forslag om endringar i arbeidsmiljølova. Mette Natland frå Fagforbundet held appell.

Mange streikande samla seg utanfor Spar i Valldal onsdag 28. januar for å markere si misnøye med regjeringa sitt forslag om endringar i arbeidsmiljølova. Mette Natland held appell, ho er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Norddal.

I går mellom klokka to og fire var det politisk streik, der fleire forbund deltok.

I Valldal sentrum møttest fleire titals streikande frå Fagforbundet, Utdanninsgforbundet, Delta, Lederne og Sjukepleiarforbundet. Dei tok del i den landsomfattande streiken mot regjeringa sitt framlegg til endringar i Arbeidsmiljølova. Les meir

Norske løer mellom to permar

Dette spesielle fotoet av Framgardsløa i Valldal tok Oddleiv Apneset våren 2013, eit foto som har har vorte mykje brukt i omtalen av boka.

Dette spesielle fotoet av Framgardsløa i Valldal tok Oddleiv Apneset våren 2013, eit foto som har har vorte mykje brukt i omtalen av boka.

Ein kombinasjon av flotte fotografi og den unike historia til norske løer har gjort at første opplaget av boka ”Norges låver” vart utselt på ein blunk.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no

– Denne løa må få ein sentral plass i boka, sa Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth då dei vitja Valldal våren for snart to år sidan. Dei skule ta bilde av Framgards-løa og samle informasjon. Les meir