Lærer gammal byggemetode

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

– Grindbygg er ein beundringsverdig byggemåte.

Det seier Andreas Ødegaard og Ole Sander Ytterli. Dei er dei to yngste som er med kurset i grindbygg. Begge to er under utdanning som tømrar, Andreas går siste året som tømrar på Borgund vidaregåande medan Sander er tømrarlærling hos Duo Bygg i Valldal.

Kurs
Norddal husflidslag tok initiativ til å setje i gang eit kurs i grindbygg. Dei fekk den røynde Asgeir Kvernberg til å stille som lærar. Kvar tysdag kveld i seks veker samlast 13 lærevillige deltakarar i lokala til Omenås sagbruk for å tileigne seg kunnskap.

Resultatet skal verte eit bygg med tre grinder som skal plasserast ved Valldal skule. Grindene skal byggast ferdig i løpet av vinteren. Når det vårast skal dei setje det opp på skulen, då får bygget også bodkledning og dei skal leggje på torvtak.

Denne månaden
– 13 mann betyr bra tempo, i løpet av ferbuar skal vi vere ferdige her, seier Kvernberg, som har stor tru på det han kallar handlingsboren kunnskap.

Då Storfjordnytt var innom for vel ei veke sidan, var dei i fullt arbeid, og stemninga var heilt på topp.