Kategoriarkiv: Nyhende

Alle får adresse

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Ei namnenemnd vart nedsett hausten 2013. Gjennom fleire arbeidsmøte våren 2014 kom dei fram til ei innstilling som vart lagt ut på høyring i juni 2014, endeleg svarfrist for innspel var sett til 20. september. Les meir

Det nærmar seg lamming

Ansok ligg høgt over fjorden der turistskipa siglar inn til Geiranger sommarstid. Det er lett å få auge på garden på dei opne bøane i eit elles skogkledd landskap.

Ansok ligg høgt over fjorden der turistskipa siglar inn til Geiranger sommarstid. Det er lett å få auge på garden på dei opne bøane i eit elles skogkledd landskap.

Oddmund Ansok la ein gong ned drifta på garden på Ansok. Etter nokre år då skog og kratt var i ferd med å sluke bøane, som i mange hundre år hadde vore i drift, tykte han det vart for trist at den fine plassen skulle ende på den måten. Les meir

– Dette minte ikkje mykje om ein musikkonkuranse

Ein glad gjeng på veg inn på Nilsgardstunet. Dei håpte sjølvsagt på Jenny, men om Jenny ikkje skulle vere så heldig å vinne, håpte dei iallfall at ”ho gamle” (vokalisten i Contrazt, red. anm.) ikkje vann.

Det sa ein litt irritert stordalsordførar etter at det vart klart at Jenny Langlo ikkje var mellom dei fire som gjekk vidare til ”superfinalen” i laurdagens melodi grand prix.

Les meir