Alle får adresse

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Ei namnenemnd vart nedsett hausten 2013. Gjennom fleire arbeidsmøte våren 2014 kom dei fram til ei innstilling som vart lagt ut på høyring i juni 2014, endeleg svarfrist for innspel var sett til 20. september.

Det kom inn 56 merknader. Endeleg innstilling har vore innom Stadnamntenesta for Vestlandet, som berre hadde fem merknader til dei 82 parsellane.

Melding om tildeling av vegadresse. Offisiell adressering i Norddal kommune.

Audun Skjervøy (Nl) som har vore med i namnenemnda forklarte at dei har stort sett har brukt namn som folk er fortrulege med. Skrivemåten på Oggarden blir Øygard og Omenåsåsen blir Omnosåsen. Grunnen til det er at staden er registrerte med denne skrivemåten i Statens kartverk, derfor er ein plikta til å bruke den. Han sa også at dei måtte gjere nokre kompromiss, alle vegstubbar kan ikkje ha offentlege namn. Meininga med adresseringa er at det skal gjere det enklare å finne fram, til dømes for ambulanse og brannvesen. Kanskje den vegstrekinga det var mest debatt om på førehand var strekninga mellom Eidsdal og Norddal, der mange halla til å kalle den Norddalsstranda. Denne strekninga har rett og slett ikkje fått noko offisielt namn. Grunnen er at det ikkje er nokon som bur her.

På møtet i formannskapet kom det framlegg til endringar, som vart vedtekne av fleirtalet. Skorevegen i Eidsdal vart endra til Kleivavegen, Nyhjellevegen i Eidsdal vart endra til Hjellevegen, Hjellevegen i Norddal vart endra til Kapteinshjellane og Eidsgarden i Eidsdal vart endra til Eide.