Månadsarki: februar 2015

«Venner for livet»

Bilde frå ei av øvingane. ”Wunderbaum oppi speieli, då stende damene i kø og vil kome inni”. Anar vi konturane av ein Granada og Vassendgutane? Foto: Per Jomar Nerli

Bilde frå ei av øvingane. ”Wunderbaum oppi speieli, då stende damene i kø og vil kome inni”. Anar vi konturane av ein Granada og Vassendgutane? Foto: Per Jomar Nerli

Det er tittelen på årets kabaret med ungdomskuleelvane i Valldal, ein årleg tradisjon sidan 2001.

Årets kabaret går av stabelen førstkomande fredag og laurdag. Les meir

Rar farkost

bronnbat

Frå ferja var det lettare å sjå kva for farkost det var som låg ute på Norddalsfjorden.

Sist laurdag var det ein litt underleg farkost ute på fjorden i det fæle vêret. Den drog ingen stad, berre låg der ute. Det kunne ved første augekast sjå ut som om det var to båtar. Ombord på ferja over fjorden hadde dei eit svar å gi på spørsmål om kva denne båten gjorde.

Les meir

Lærer gammal byggemetode

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

– Grindbygg er ein beundringsverdig byggemåte.

Det seier Andreas Ødegaard og Ole Sander Ytterli. Dei er dei to yngste som er med kurset i grindbygg. Begge to er under utdanning som tømrar, Andreas går siste året som tømrar på Borgund vidaregåande medan Sander er tømrarlærling hos Duo Bygg i Valldal. Les meir