Månadsarki: februar 2016

Gler seg til VM

Petter Løset Skodjereite er første stordaling som nokon gong har delteke i junior-VM.

Petter Løset Skodjereite er første stordaling som nokon gong har delteke i junior-VM.

– Ja, dette var ein veldig god bonus.

Det seier Petter Løset Skodjereite frå Stordal, som er ein av fem i den norske troppa som skal konkurrere i kombinert i VM for juniorar i Romania siste veka i februar. Petter fylte 17 år i førre veke, og er den yngste i kombinert-troppa. Han innrømmer at han visste han hadde muligheita, men har ikkje tenkt så mykje på uttaket til VM. Les meir

Den koselege ølkrigen

Vatn, mór og flatbrød var viktig for å sortere ølsmakane.

Vatn, mór og flatbrød var viktig for å sortere ølsmakane.

Av 29 innleverte heimebrygga øl er det Gunnar Hoel sitt som er best.

Det er klart etter ei kåring i Liabygda laurdag.
I salen på ungdomshuset i Liabygda var det fullt med småbord med blide karar rundt. Tre damer svinsa rundt og serverte øl, men ikkje tilfeldig. Les meir

– Ver med og bidra

Petter Lingaas (f.v.), Hans Olav Muri, Terese Jemtegård Moen og Andres Jørgen Gjerde er med i gjevargruppa som no inviterer til innsamlingsavspark tysdag i neste veke.

Petter Lingaas (f.v.), Hans Olav Muri, Terese Jemtegård Moen og Andres Jørgen Gjerde er med i gjevargruppa som no inviterer til innsamlingsavspark tysdag i neste veke.

Gjevargruppa til det nye bygget for idrett og kultur inviterer bedrifter, lag og organisasjonar i Norddal kommune til møte førstkomande tysdag. Terese Jemtegård Moen som er del av givargruppa på vegner av Valldal skulekorps, seier at møtet markerer avsparket for innsamlingsarbeidet der det skal samlast inn pengar til innkjøp av utstyr av ymse slag til hallen.

Les meir