Den koselege ølkrigen

Vatn, mór og flatbrød var viktig for å sortere ølsmakane.

Vatn, mór og flatbrød var viktig for å sortere ølsmakane.

Av 29 innleverte heimebrygga øl er det Gunnar Hoel sitt som er best.

Det er klart etter ei kåring i Liabygda laurdag.
I salen på ungdomshuset i Liabygda var det fullt med småbord med blide karar rundt. Tre damer svinsa rundt og serverte øl, men ikkje tilfeldig.

Konkurranse
I januar vart det utlyst ølkonkurranse, folk i alle bygder på indre sette i gang å bryggje og melde seg på. Til Liabygda måtte dei ha med minst fire og ein halv liter. Det innleverte ølet fekk nummer og vart sett i kjellaren.

Oppe i salen fekk dei servert øl, og for kvar sort måtte dei fylle ut skjema og gi poeng.

– Vi veit ikkje kven sitt øl vi smakar på. Det er flaut om ein dømmer sitt eige øl nord og ned, seier Johnny Gjerde i det han tek ein slurk av ein ny kandidat. Dei er komne til nummer fire.

Dei forklarer at poenga går frå null og opp til 20. Null er så dårleg at du ikkje klarer å drikke det, så langt er det ikkje noko som har ført til stygge grimasar. På bordet står det vatn, mór og flatbrød, det er viktig å få bort smaken av eitt øl før ein tek fatt på eit nytt.

Smak og humling er viktige kriteriar for poenggjevinga.

Finale
Etter at alle har smakt på alle sitt øl og gitt poeng, er det klart for finale. Ein frå kvart bord blir med som finaledommar over dei seks beste frå innleiande runde. Etter Gunnar Hoel sin førsteplass kom Marius Høihjelle sitt øl. Dei fire andre som kom til finalen var Johnny Gjerde, Olav Kaldhusdal, Egil Stavseng og Knut Palmar Gjerde.

Eksplodert
Kristin Gåseidnes frå Vinbua i Ålesund var også til stades. Ho fortel at dei brukar å reise rundt og vere med når det vert arrangert ølkonkurransar. Interessa for å lage sitt eige øl har nærast eksplodert siste åra. 19. februar skal det vere ein konkurranse i Ålesund der det beste IPA eller APA i Møre og Romsdal skal kårast. Det er bryggerilauget i fylket som arrangerer.