Satsar på det lokale

David Kobza og Eliska Svobodovà er klare til å ta i mot kafegjestar i sentrum av Valldal.

David Kobza og Eliska Svobodovà er klare til å ta i mot kafegjestar i sentrum av Valldal.

Denne helga hadde David Kobza og Eliska Svobodovà opning av sine nye kafè, Under Taket på kaihuset i Valldal.

Emte Tafjord Ringstad
emte@storfjordnytt.no

Dei ønska seg ein liten møteplass for småprat rundt ein kaffikopp eller ei pils. Når dei ikkje fann noko som passa dei, tok dei saka i eigne hender, og starta opp ein kafè.
– Vi er vande med å vere mykje med folk, og trongde ein stad å treffe både gamle og nye venar, meinar det tsjekkiske paret.

God respons
Ser vi tilbake på opninga som var på laurdag, ser dei ut til å lukkast.

– Det var mange som møtte opp, og det var fullt her så og seie heile dagen. Det var betre enn eg hadde forventa meg, seier han. Eliska som stend framføre kaffimaskina seier seg einig.

– Vi har fått mykje bra respons etter opninga. Vi får håpe at det sprer seg vidare.

Kvar dag i sommar
No har dei budd i Valldal i tre år, og saman med sonen sin på to år trivst dei godt. Dei kom hit ein sommar for å padle elvekajakk. Ein sommar vart til to, og omsider flytta dei hit fast. Vedsidan av den nyopna kafèen arbeidar Eliska som prosjektleiar for Fjordtrim på Muritunet, og David som snekkar. Begge er dei utdanna innan idrett, og David er mykje innom Fjordtrim som instruktør.

Eliska arbeidde i kafè medan ho gjekk på universitet, og har si erfaring der ifrå.

– Vi hadde for litt sidan besøk av dei venninne som eig fleire store kafèar i Praha. Ho lærte oss mykje om drift. Vi fekk også ei opplæring i korleis vi lagar god kaffi, fortel Eliska.

Heile sommaren vil dei halde ope frå kl. 10. Når sjenkeløyvet er ordna vil dei halde ope til kl. 10 om kvelden. Når vinteren nærmar seg vert dei å finne på Under Taket kvar fredag og laurdag, med kaffidrikking på dagtid, og øl utover kvelden.

– Vi er framleis i ei slags oppvarmingsfase, der vi arbeidar oss fram til kva som fungerar best, men foreløpig er det dette som er tanken, så vi får sjå korleis det utviklar seg vidare, seier Eliska.

Gjere det enkelt
Den lille kafèen, forhåpentlegvis seinare også bar, er å finne på kaihuset i Valldal. Planen deira var i utgangspunktet å starte opp i lokalet i den gamle banken, men grunna nødvendig omregulering og dispensasjonsendring valde dei å leite vidare etter noko anna. Gjennom Erlend Hjelme, som også er ein nær ven av paret, fekk dei bruke delar av kaihuset.

– Vi hadde ikkje så mykje å investere med når vi skulle starte opp, og prøvde derfor å gjere det så enkelt som mogleleg. Mesteparten av borda har vi fått av venar. Også brukar vi foreksempel pallar som benkar. Det var ganske vellukka, fortel Eliska.

– Det var også ein artig måte å arbeide på, legg David til.

Lokale produkt
Mens vi pratar sit ho og et på noko ho kallar ein tartlet. Det er ei slags terte, denne med bringebærfyll. Dei kan by på tre forskjellige kaker i kafèen sin – tartlet, glutenfri sjokoladekake og ostekake. Alt heimelaga, sjølvsagt. Det er noko dei set høgt på lista over prioriteringar. Heimelaga, lokale produkt.

– Vi har ei ifrå Lingås som kvar dag leverar ferske, heimelaga kringler til oss, seier ho. Ellers kan dei by på laks frå Sjøholt, Strandaskinke, kaffi frå Langevåg, saft frå Valldal Safteri, sjokolademelk frå Geiranger og mykje, mykje meir.

– Sjølvsagt tek det mykje meir tid. Det er også dyrare og meir upraktisk, men vi vel likevel å satse på lokale produkter. Det er viktig for kundane, og ikkje minst for alle produsentane vi støtter. Slikt utviklar lokalitet, meinar David.