Eit praktisk og fint uteområde

Sansehagen ved Stordalstunet er eit flott anlegg som bebuarar, pårørande og tilsette kan ha glede av i tida som kjem.

Sansehagen ved Stordalstunet er eit flott anlegg som bebuarar, pårørande og tilsette kan ha glede av i tida som kjem.

Sansehagen ved Stordalstunet vart sist torsdag høgtideleg opna av ordførar Charles Tøsse. Ein koseleg hage med sanseelement som skal glede bebuarane.

På Stordalstunet er det totalt 19 bebuarar, no har dei alle fått ein fin sansehage dei kan ha glede av som uteområde. Sansehagen er tilpassa slik at og demente kan ferdast trygt der.

Sanselement
Omsorgsleiar Else Midtbust fortalte kort om korleis vegen fram til opninga hadde vore, frå ønske om eit slikt tilbod som kom i 2008. For å stette krava til ein sansehage kunne dei velje mellom dyr, vatn eller blomster som hovudelement. Dei valte dyr som utgangspunkt og eit hønsehus med tre silkehøns er komne på plass i den eine enden av hagen. Ein flott paviljong og eit reidskapshus med både sag og sagbukk som kan nyttast er det òg.

– Innramminga er gjort med både glas, netting og tette tregjerde for å opne opp og skjerme for innsyn. Kantsteinane rundt asfaltvegane er lagt der for å skape kontrast for dei som ikkje ser så godt, sa Trond Alstadsæter under si orientering.

Mange har vore med
Frå omsorgsbustaden like ved kom Aslaug Langhaug og Oddlaug Hauge ruslande. Dei hadde fått invitasjon og fann seg ein fin plass på ein av benkane i sansehagen. Benkar og bord, små skulpturar, bålpanne og lys har dei fått plass til på området. Dei har allereie brukt den ei stund, men i dag er det høgtideleg opning. Høge glas med sprudlande mosell, kake og kaffi er ikkje langt unna, men fyrst orientering og snorklipping av ordførar.

– Det er tatt si tid, men no er den her. På typisk stordalsvis har vi fått den på plass med god hjelp av ivrige dugnadshender, sa ordførar Charles Tøsse.

Han takka Stordal Helselag, Mental Helse Stordal og pårørandeforeininga ved Stordalstunet i tillegg til pensjonistlaget som har vore med å få på plass det som skulle til i sansehagen. Han minte òg om at det kan tilførast fleire sanselement til nytte for bebuarane ved Stordasstunet etter kvart. Han sa han var stolt over å kunne klippe av bandet og offisielt opne hagen og kanskje var dette den siste snora han klipte som ordførar i Stordal.

Funksjonen
Born frå SFO ved Stordal skule var til stades og song fine songar for dei frammøtte. Drift av sansehagen var òg noko omsorgsleiar Else Midtbust og dei andre i prosjektgruppa hadde arbeidd med. Vaktmeister og dei tilsette ved Stordalstunet skal ta seg av den daglege drifta. Dei tilsette har prosedyrer dei følgjer, og slik planen er, tek dei med seg bebuarane på nokre av oppgåvene som skal gjerast. Alle har dei fått smake på eggedosisen frå egga som er samla inn, og ein benk med salat, reddik og anna snask treng berre litt varme før det vert knasande sprø grønsaker.