Ei bygd å bu i

Lengst bak i salen fann nokre ungdomar frå Liabygda plassane sine.

Lengst bak i salen fann nokre ungdomar frå Liabygda plassane sine.

Liabygda velforeininga hadde invitert alle listetoppane i Stranda kommune til eit folkemøte på skulen torsdag i førre veke. Folket i Liabygda ville vite kva politikarane hadde tenkt å gjere for Liabygda i tida som kjem.

Alle dei inviterte med unntak av listetopp frå Venstre hadde moglegheit til å møte. Egil Stavseng ønskte velkomne og Jan Petter Albertsen var hyra inn som møteleiar.

Kva har skjedd
Kjell Ringset delte sine tankar om bygda med dei frammøtte som ei innleiing til møtet.

Ein liten idyllisk plass som badar i sol og moglegheiter og som har mykje av det som små bygder likar å skryte av.

– Men kva skjer? Folk flyttar andre stader, bedrifter flaggar ut og borna, som skiltet i byggefeltet fortel leikar der, er no blitt 30 år. Kva er det vi ikkje har gjort? Kva vil dokke med bygda vår, spurde Kjell Ringset politikarane i Stranda kommune.

Ungdomen reiser
Arild Ringdal fekk først ordet og han sa at Arbeidarpartiet vil strekkje seg langt for å halde på funksjonane skule, SFO og barnehage i Liabygda.

– Det er viktige funksjonar og arbeidsplassar om unge menneske skal busette seg på landsbygda, sa representanten frå Arbeidarpartiet. Alle partia var samde om at den tida då Liabygda hadde fabrikkar og produksjonsbedrifter er over og at det er natur- og turistbasert næring som det må satsast på. Det same gjeld utflyttinga. Ungdomen flyttar ut, får urbane vanar og kjem sjeldan attende. Det er ein trend i heil landet og til mindre samfunna er, til hardare vert dei råka, vert det sagt.

Ein god stad å bu
I tillegg til Kjell Ringset, var alle dei fem listetoppane samde om at Liabygda er ein fin og solrik plass. Fremskrittspartiet sin listetopp, Frank Sve, var klar på at kommunikasjonen er viktig og Liabygda er avhengig av at vegen til ein arbeidsmarknad er bra.

– Å samarbeide med nabokommunane for å gje eit godt tenestetilbod, kan vere ein veg å gå, sa Frank Sve og la til at ved ei kommunesamanslåing vil dette verte høgst aktuelt.

Svein Lunde frå Kristeleg Folkeparti ville støtte næringsverksemd og små bedrifter innan reiseliv og var oppteken av å gi born og eldre eit godt tilbod i bygda.

Ta godt vare på det vi har
Ordføraren i Stranda, Jan-Ove Tryggestad frå Senterpartiet, peika på at det finst eit næringsliv knytt til verdiane i naturen og som produserer kjøt, mjølk og bær av god kvalitet i bygda. Han etterlyste meir kreativitet i høve å nytte området til turist- og reiselivsnæring.

– I Nærøyfjorden har dei vore flinke til å nytte verdsarvstatusen til å starte små bedrifter knytt til turistnæringa, det kan ein òg gjere her i Liabygda, sa Jan Ove Tryggestad. I tillegg minte han om at næringsmiddelindustrien på Stranda som er, og har vore, særs viktige arbeidsplassar for heile kommunen.

Skulen
Svein Erik Rimstad frå Høgre ville arbeide for at Liabygda skal vere eit trygt bygdelag og ein god stad å bu.

– Næringar knytt til opplevingar er eit satsingsområde der Liabygda har alt som skal til, noko som bør utnyttast, sa han. Vidare var han einig i at skulen er ein viktig institusjon i bygda, men  det er grenser for kor liten ein skule kan vere. Ved ei kommunesamanslåing såg han føre seg at, i alle fall ungdomsskulen, kan Liabygda samarbeide med Valldal om.

I dag er det tilsaman 18 elevar på småskulen og mellomsteget på Liabygda skule

Alle partia var einige om at meir skulle ha vore gjort for å marknadsføre Liabygda meir som eit buområdet.