Reint fleirtal for Norddal Sp

34_norddal

Norddal Senterparti gjekk fram med godt over 36 prosent og får no reint fleirtal i kommunestyret med ni representantar, ein framgang på seks. 10,6 prosent røysta blankt i Norddal.

Tverrpolitisk liste for Norddal har fem mandat, ein auke på ein, Arbeidarpartiet får to representantar, ein tilbakegang på fire medan SV er inne igjen med ein representant.

Av dei 17 representantane i Norddal kommunestyre er det fem kvinner, 29 prosent er ikkje akkurat så mykje å skryte av.

Det er på Senterpartiet si liste det har skjedd flest rokeringar. Frå å vere ei liste som stilte med annakvar mann og kvinne er det no berre tre kvinner av ni representantar i det nye kommunestyret. Laila Olsen stod har rykt opp frå niande til fjerde plass. Håkon Myklebust stod som nummer 12, men hamna på sjetteplass. Hans Martin Gjedrem stod på femteplass på lista og er komen inn som den sjuande representanten til Sp. Ragnar Lødøen stod på plass nummer 16, men er no den niande representanten til Sp i kommunestyret.

Også på Arbeidarpartiet si liste er det endringar. Dei stiller no med to menn, Olav Løvoll og Kjell Arne Valdal. Første vara er Alv Ivar Eliassen, som stod som nummer sju. Arbeidarpartiet fekk 75 stemmer, eller 10,6 prosent, det same som blanke stemmer.

Også på Tverrpolitisk liste for Norddal har veljarane rokert. Ungdomsrepresentanten Rebekka Strandmann Hanssen som stod som nummer to er koma ned på fjerdeplass til fordel for den andre ungdommen, Ole Henrik Uri, som opphavleg hadde fjerdeplassen. Gudmund Relling har rykt opp frå sjuande til femteplass.

Valdeltakinga i Norddal vart på 60,6 prosent, der dei blanke stemmene utgjer 10,6 prosent.