Ei vandring gjennom historia

Ein stad mellom 40 og 50 personar hadde møtt fram til sentrumsvandringa i Stordal førre veke.

Ein stad mellom 40 og 50 personar hadde møtt fram til sentrumsvandringa i Stordal førre veke.

Førre veke inviterte Stordal bibliotek til sentrumsvandring med Knut Hove som guide og forteljar. Mange hadde møtt opp for å sjå og høyre og lære.

Vandrarane samla seg ved Andershaugen barnehage i Stordal der biblioteksjef Bjørg Moltu ønskte velkomen til nok eit arrangement i ”Bibliotek i farta” før ho introduserte Knut Hove.

– Det er få som kan så mykje om Stordal sentrum si historie som han, sa ho og takka samstundes for arbeidet han har gjort, mellom anna i sogelaget.

Knut Hove sjølv hadde med seg ei gammal mineralvatnkasse.

– Eg tar ikkje mål av meg å vere ei lokal Harald Grytten, men han er lågare enn meg og derfor valde eg ei lågare kasse å stå på, sa han før han byrja å fortelje.

Med ei medbragt mineralvatnkasse, kom Knut Hove litt opp i høgda slik at folk betre kunne sjå og høyre historiene om og frå Stordal sentrum.

Med ei medbragt mineralvatnkasse, kom Knut Hove litt opp i høgda slik at folk betre kunne sjå og høyre historiene om og frå Stordal sentrum.

Kornmagasin
Mellom dei seks Hove-gardane, var Skaffargarden der det mellom anna var kornmagasin i første halvdel av 1800-talet. Etter flaumen ”Storofsen” som raserte mykje av Austlandet, vart det bestemt frå sentralt hald at det skulle opprettast kornmagasin rundt om i landet. Kornmagasinet i Stordal kom i drift i 1816. Då formannskapslovene kom i 1837, vart ansvaret for landets kornmagasin lagt til formannskapa. Nokre år etter vart kornmagasinet nedlagt og verdien vart nytta til å kjøpe inn bøker til folkeboksamlinga, forløparen til Stordal bibliotek.

Bygninga som husa kornmagasinet vart så nytta som stabbur, men framleis er der spor etter tida med korn – det er nokre digre låsar på dørene. To mann med kvar sin lykjel måtte til for å kome seg inn.

”Ei sorgens tralle”
Turen gjekk så ned til sjøen der Hove fortalde om Hovsbugen og nausta der, som vart fjerna då vegen vart utvida kring 1980. Vi fekk høyre om då vegen kom, om bilselskapet som i 1953 bygde bensinstasjon der ein tredel av stasjonen var kommunalt eigd og nytta som brannstasjon. Vi fekk høyre om Martin Almås, musikar og skomakar og mykje anna.

– Potetkokaren var ei forunderleg innretning, sa Hove.

Potetkokaren var eit anlegg som vart nytta til å koke poteter som vart brukt til dyrefor, og det vart skipa eit potetkokarlag. Poteter vart køyrde frå gardane ned til kokaren der dei vart vaska reine og kokt med steam frå Torefabrikken, før dei vart lasta opp att på bilar og køyrde til gards der potetene vart fottrakka for å få ut lufta.

– Eg synest ennå eg kjenner det i føtene, sa han. Noka gullgruve for potetkokarlaget vart det ikkje.

Almar og Peder Sæter hadde bygdesmie og mekanisk verkstad i kjellaren. Almar hadde teknisk skule og var ein type som fiksa det meste. Mellom anna laga han ein snøfres som vart montert framme på kommunebilen – ikkje eit heilt vellukka prosjekt, for den vart av enkelte omtalt som ”ei sorgens tralle”. Det var ikkje det at snøfresen ikkje virka. Kvar for seg virka både snøfresen og lastebilen til kommunen heilt greitt, men problemet var at lastebilen var for høgt gira slik at den gjekk for fort og dermed greidde ikkje snøfresen ta unna snøen slik den skulle. Difor kallenamnet ”ei sorgens tralle”.

Sagbruket til Tore-Per i Toregarden vart også nemnd. Sagbruket vart drive av vasshjul – og frå dette og bort til enkelte gardar, gjekk det snorer som vart nytta til å drive hjelpemiddel som slipestein og truskeverk.

– Dette var sjølvsagt før Tafjord Kraft si tid, konstaterte Hove.

Elles har det vore mykje industriverksemd i Stordal opp gjennom tidene – og slett ikkje berre møbelproduksjon. Det har vore laga alt frå kjøt og pølser til hermetikk, til skolestar, det har vore trevarefabrikkar og fryseri, det har vore laga ski og grammofonar, barnevogner og stålull. Berre for å nemne noko.

Hove fortalde om Ole Stavseng som drog høvelbenken sin på kjelke frå Liabygda til Stordal og starta det vi i dag kjenner som Stordal Møbel. Sakarias Stavseng produserte dører, vindu og trapper, forløparen til det som no er byggvarefirmaet på Sjøholt

Peder Øie starta i 1918 sykkel- og maskinforretning. Han laga sine eigne sykkelmodellar, Real og Solo og i den første tida heldt han til på ”kvitebuda” før nybygget vart bygd ein gong på 60-talet.

Samligsstader
Han peika ut Rystehuset der Talberg dreiv butikk i kjellaren, vi fekk sjå kvar Lisastova ein gong stod, og Lisastova var ein populær stad. Ikkje berre fordi Lisa hadde strikkemaskin, men det var også ein populær stad å møtest. Sørveggen på Lisastova var plakatveggen i Stordal den gongen og Hove meiner at då huset vart rive, skulle sørveggen nok helst ha gått til skraphandlaren framfor å bli brent på bål, så mykje spikar var det i veggen etter alle plakatane som hadde hengt der. Trappa til Lisa var samlingsplass for diskusjonar – og Hove synest ein skulle ha tatt vare på trappa som eit slags speaker’s corner.

– Men slik vart det ikkje, og vi vart eit kulturminne fattigare, meinte han.

Elles var det almenningen som var møtestaden før i tida, i tillegg til stader som Kafé Nystad. Denne kafeen starta opp i 1954 og Berit Vik fortalde at kafeen var ein populær samlingsstad, ikkje berre for tilreisande frå ålesundsområdet og andre stader, men også for bygdefolket.

– Mange fabrikkarbeidarar hadde full pensjon hos oss, for før i tida var det ikkje vanleg med tekjøkken på hyblane slik at dei fekk ikkje koke seg mat sjølve. Linjearbeidarar var også mellom dei faste gjestane, fortalde ho.

Budamål, post og bank
I 1892 vart den gamle trekaia bygd – og herifrå var det mange som reiste ut i den store vide verda, til Amerika og til Australia. I 1937 kom det ei ny betongkai, den som no vert kalla gamlekaia og kring 1985 kom nykaia.

Vi fekk høyre om budamålet – kommunal grunn, og mange dalingar hadde budene sine der. Budene vart nytta både som lager og stall og anna. I Ellinggarden var det både post og bank, og Hove fortalde at den første postopnaren i Stordal vart ”beskikket” i 1861. Den første tida var banken open to dagar i månaden, den første laurdagen etter høvesvis den første og femtande i månaden.

Mykje av Stordal sentrum slik vi kjenner det i dag, er fylt ut etappevis. Mellom anna vart masse frå utgravinga av tomta til det som no kallast gamleskulen nytta til å fylle ut budamålet.

Storleg nøgd
Då sola gjekk ned, vart det småkjøleg ute og ein samla seg inne på frivilligsentralen. Der fekk folk varme seg med kaffi og kringler, medan Hove viste bilete og fortalde vidare.

Kvelden vart avslutta med ein stordalssong som Knut Hove hadde funne. Songen er skriven av Hans Øie, som budde storparten av livet på Askøy, men som flytta heimatt på sine eldre dagar og hadde tilhald i Ryste-huset. Songen vart dels sungen og dels lesen av Roger Lillebø som heilt til slutt avslutta med eit dikt av Ivar Aasen som har fulgt han sidan han gjekk framhaldsskulen: Gamle Noreg.

Det er uråd å attfortelje alt vi fekk høyre denne kvelden, men det er råd å få vite meir ved å høyre på intervjua til sogelaget som ligg fritt tilgjengeleg på Stordal kommune si heimeside.

Biblioteksjef Bjørg Moltu var storleg nøgd med arrangementet, og spesielt gledeleg syntest ho det var at så mange hadde sett av tid til å vere med på sentrumsvandringa.

– Det var over all forventning, seier ho.

Med ei medbragt mineralvatnkasse, kom Knut Hove litt opp i høgda slik at folk betre kunne sjå og høyre historiene om og frå Stordal sentrum.