Basarstemninga på topp

Vinnarkråa. Mange gevinstar vart leverte i denne kråa ved dei to første åreomgangane. Frå venstre: Anne Kristin Lied, Ingjerd Øien og Torlaug Bråten.

Vinnarkråa. Mange gevinstar vart leverte i denne kråa ved dei to første åreomgangane. Frå venstre: Anne Kristin Lied, Ingjerd Øien og Torlaug Bråten.

Når det er basar i Liabygda, droppar du gjerne middagen. Då er det tid for å smake på all den gode maten dei sel i kjellaren på ungdomshuset og ete for ei god sak.

Fredag var det ungdomslaget sin tur til å halde basar. Stemninga stig etter som årerundane går unna.

Inne i gangen sit Kornelia Lunde og passar snurrebrettet, nokre har allereie betalt for ein snurr eller to og vunne godsaker. Ho fortel at ho skal snart bytte med ei anna, slik at ho får bruke pengane sine og prøve lykka.

Shane er flink til å rasjonere pengane han har med seg, slik at han ikkje brukar opp alle på ein ting. Han er litt i tvil om han skal kåre noko til å vere det kjekkaste på basar.

– Barneboka er det kjekt å ta lodd på, men alt er kjekt å vinne, godteri, og så dei store kakene i kjellaren. Det er kjekt uansett, men det er om å gjere å vinne, og så er det om å gjere å ha det gøy, slår han fast.

Mange gevinstar
Og muligheitene er mange. Inne i salen får Grete Fedje stadig besøk, anten skal nokon kjøpe 21 eller dei skal finne seg ein gevinst på vinnarrekka. Ved langveggen er det hengt opp ei rekkje flotte gevinstar, det er det du kan vinne på bøkene. Dei tre damene ved bordet skriv og skriv, folk vil gjerne vinne noko i den flotte utstillinga som heng over dei.

I ein krok sit Anne Kristin Lied med si bok, det er barneboka, ho har stadig besøk av vinnarivrige ungar.

Årerunde
Ei ny runde med årar er utselt på ein blunk. Arne Ola Stavseng tek plass på scena. Han kan opplyse om at det er slutt på den spennande lyden av risting. Dei har fått nytt og moderne utstyr til å trekkje tala, det skjer med data.

Heldigvis for dei som har kjøpt mange årar, tek han føre seg ein farge om gongen, då blir det lettare å følgje med. Jenter står klare med gevinstane og spring ned til den heldige vinnaren. Første omgang ser ut til å gå Anne Kristin sin veg, det tek til å hope seg opp med gevinstar på bordet.

– Nasefiskje, kommenterer Ingjerd Øien når det dabbar av og gevinstane tek andre vegar. Det er visst andre stader dei hopar seg opp også.

Rydde
Folk sig på etter kvart. Når alle rundar er over og kakefata viser at det har vore mange her, er det tid for å avslutte og rydde. – Noko av det kjekkaste med å vere på basar i Liabygda er at du kan kaste alt papirrusket på golvet, får vi vite. Etterpå er det berre for ryddegjengen å koste saman.