Stor og lærerik oppleving

Frisk og glad song frå medlemmene i Aletheia.

Frisk og glad song frå medlemmene i Aletheia.

– Det var veldig kjekt, seier dei i kor.

Helga 16. til 18. oktober var koret Aletheia frå Stordal i Oslo på Soul Children Festival. Koret er dei eldste jentene i Stordal barnekor og namnet er gresk og tyder sanning.

Tilbake på øving på Stordal bedehus måndag fortel dei om opplevinga. Spesielt synest dei det var ei oppleving å få synge i Oslo Spektrum, og dei fekk lære mange nye songar. Her var det samla 2.300 unge gospel-songarar frå heile landet, i tillegg til nokre frå Sverige og Danmark.

Laurdag var det stor friluftskonsert, der dei gjekk i tog og song med Kampen Janitsjar i front.

Dirigent og primus motor Ragnhild Fauske forklarer at grunnen til at dei eldste fekk ta turen til Oslo er at ho ikkje er så flink i gospel.

– Det er om å gjere å la dei oppleve andre stilartar enn dei eg beherskar, slik at dei får sjå breidda i kristen song og musikk.

Jentene var tydeleg inspirerte av opplevinga i Oslo og framførte både ”Real life” og ”Drømmen” på øvinga måndag. Alle jentene er samde om at det er ein av dei flotte aktivitetane å vere med på, og dei har ingen planar om å slutte. Neste gong folk får høyre dei er på bedehusbasaren 21. november.

I tillegg til å vere eit eige kor er dei også ein del av Stordal barnekor. Måndag skulle dei minste ha øving etterpå, medlemmene i Aletheia var med og la til rette for bønnevandringa, som dei skulle ha etterpå.