Basar slik ein basar skal vere

Decoupage heiter teknikken fjerdeklassingane i barnekoret har brukt for å lage dei flotte bileta dei viste fram laurdag.

Decoupage heiter teknikken fjerdeklassingane i barnekoret har brukt for å lage dei flotte bileta dei viste fram laurdag.

Det var song, det var årer, kaffi og kaker og fullt hus på bedehuset i Stordal laurdag ettermiddag.

Dei i barnekoret som går i fjerde klasse hadde vore på leir og der hadde dei laga kvar sine kunstverk som alle saman viste fram for dei frammøtte før dei song litt også. Ragnhild Fauske fortalde at ein liksom måtte finne på noko for dei også, når dei i Aletheia var så heldige å reise på Oslo-tur for å delta saman med eit par tusen andre ungdommar i Children Soul Festival.

Fjerdeklassingane, barnekoret, Aletheia og Charis var alle på scena og bidrog med song, og ser ein på talet på ungar i barnekoret, er iallfall songrekrutteringa i Stordal god.

Dagens talar var Per Gunnar Hamnøy, ein kar som kjenner både Roger Lillebø, Ragnhild Fauske og Stordal godt. Roger frå den tida han sjølv gjekk på Høgtun folkehøgskule, Ragnhild frå den gongen han song i minikoret – og Stordal fordi han har vore der mykje som trenar for Emblem sitt lag J14.

– Vi taper som regel når vi er her og spelar kampar, sa han. Å skulle halde andakt var ei spennande utfordring, men han tok utgangspunkt i alt det stordalingane er så gode på. Han trekte fram ski – og då spesielt Martine, han hadde med ein brudekjole fordi stordalingane er flinke til å gifte seg, gode til å synge er dei, hjelmen symboliserte både alpinsport og hopp og til og med ein liten dokkehusstol hadde han med i sekken – som symbol på møbelindustrien. Men som eit døme på det dei i Stordal kanskje ikkje er like så gode på, hadde han med seg ein basketball.

– Basket er de ikkje så veldig gode på, sa han og spann andakta rundt basketballen og dei mange B-ane som til dømes bibel, bønn og broderfellesskap som gjer at ein som balanserer på ballen står stødigare dess fleire B-ar han har å støtte seg på.

Ei morosam og annleis andakt var det, og så var det meir song og endå fleire rundar med årar og trekking av loddbøker før folket etter fire timar med hygge på bedehuset vende snuten heimattover. Ein retteleg triveleg laurdag ettermiddag var det i Stordal.