Viste kva dei har lært

Jubileumskonserten til kulturskulen i Norddal vart opna og avslutta med fellesnummer

Jubileumskonserten til kulturskulen i Norddal vart opna og avslutta med fellesnummer

I Norddal kulturskule er det for tida 115 elevar. Mange av dei var med på dei to konsertane sist helg, oftast i samspel med eit stort og variert utval av melodiar.

Laurdag var det konsert i Norddal kyrkje og i Sylte kyrkje søndag.

Gode hjelparar
I det lune kyrkjerommet søndagen var det fin lyssetting og god lyd var på plass. Elevane i kulturskulen verka trygge og avslappa. Dei fire kulturskulelærarane, Arnfinn Dahlhaug, Karianne Vikene, Jan Helge Andreassen og Ingunn Linge Valdal var i bakgrunnen og fekk programmet til å flyte fint. Arnfinn Dahlhaug var konferansier på sin vande og avslappande måte.

Mange fekk prøve seg
Mange jenter har song i kulturskulen og flinke og trygge var dei, store og små. Samspelgrupper var sett saman, noko som fungerte bra og det same gjorde dei to fellesnummera. Publikum var det mange av og dei gav dei unge utøvarane i kulturskulen gode tilbakemeldingar.