Eldhuset i Andersgarden i Stordal

47_eldhus

Det gamle eldhuset i Andersgarden har ei lang historie og der er det røykt mang ein laks. Per Vidhammer og Kåre Hove samarbeider ofte når noko skal røykast.

På tunet i Andersgarden står Kåre Hove og Per Vidhammer og pratar. Dei planlegg nok når dei skal fyre opp i eldhuset og få røykt laksen til jul.

I dag er det Per Vidhammer som bur på tunet. Kåre Hove vaks opp der i garden og er berre på vitjing.

Godt brukt
Kåre har røykt laks og anna i eldhuset så lenge han kan hugse. Per Vidhammer nytter det òg, han hengjer seg gjerne på når Kåre fyrer opp, for å nytte same røyken. Kåre røykjer ikkje berre til seg sjølv, men òg til fiskekompisar. No ligg den akkurat passe laksen i frysaren rund og ventar.

– Laksen er best når den har hengt to, tre dagar etter at den er røykt, seier Kåre Hove. Røykalaksen i butikkane er ofte oppdrettslaks, og den kan fort verte for feit, og gjerne for lite salt og for lite røykt, etter dei to karane på tunet i Andersgarden si meining.

Villaksen
Villlaksen har ikkje det problemet at den vert for feit, snarare tvert om. Kåre saltar laksen med fem, seks kilo grovsalt i tre dagar og brukar ikkje anna enn salt. Han vatnar den ut i elleve timar, før han hengjer den opp til røyking. Han gløttar på døra i eldhuset og der er det lett å sjå at det er røykt før. Sagmask av lauvskog står klar og han nyttar elleve auser, av storleik slik det alltid har vore i Andersgarden, og lar sagmasken brenne heilt ut, det kan ta nokre timar. Per Vidhammer seier det er viktig at det ikkje er for tett og at røyken slepp ut etter kvart. Vert det for tett, vert smaken for skarp, er hans erfaring.