Ei varmande oppleving

Knut Marius og Jenny varma publikum med eit flott utval av songar

Knut Marius og Jenny varma publikum med eit flott utval av songar

Godt over 300 personar forlet Stordalshallen tysdag kveld varme om hjartet over den opplevinga dei hadde fått under konserten med Jenny Langlo og Knut Marius Djupvik.

Mange strålte og prøvde å finne ord for det dei hadde vore med på då konserten var over.

”Du store mi tid” hadde Jenny og Knut Marius sett som tittel på eit utval songar dei framførte, nokre reine julesongar, andre ikkje så vaskeekte. Felles for alle songane var at dei har tekst til ettertanke.

Under konserten song dei saman, kvar for seg og til og med saman med André Gussiås i bandet. André Gussiås Band må nemnast spesielt, dette er musikarar som kan sine ting, og som verkeleg var med på å gjere opplevinga fullkomen.

Felles
Til å begynne med var det engelske julesongar på programmet, først dei to saman, sidan song Knut Marius ”Silent Night” åleine, der han verkeleg brukte heile registreret i stemma si. Jenny si framføring av ”A Merry Little Christmas” var like flott.

– Denne handlar om ein som kunne tenkt seg litt meir selskap, sa Knut Marius då han introduserte den neste, ”Baby, It´s Cold Outside”. Så følgde ”Santa Baby”, der dei to nok ein gong brukte stemmene sine som instrument.

Dei bytta på å synge åleine og song saman innimellom. Det var tydeleg at dei hadde jobba godt med førebuingane til konserten og funne fram songar som passar saman i eit program, samstundes som dei hadde songar som passa til dei begge. Jenny si tolking av ”Camilla og tyven” er eit godt døme på det.

Innimellom fortalde dei litt. Knut Marius sa at han som liten pjokk var ein stor fan av Elvis Presley, også melodien ”How Great Thou Art”. Ein gong han sat i kyrkja på Vestnes gjekk det plutseleg opp for han at det er same songen som ”O store Gud”. Dermed kunne han framføre ein Vestnes-elvis-inspirert versjon, ein fantastisk versjon som gav gåsehud, ikkje minst gjorde gitarspelet det ekstra sterkt. Publikum kvitterte med taktfast og lang applaus.

Bing Crosby sin ”Peace on Earth” hadde også eit flott arrangement, der også André Gussiås var med.

Jenny hadde med seg gitaren og spelte til då ho song ein av dei finaste norske tekstane ho veit, Erik Bye sin ”Vår herres klinkekule”. Også her sette kompen og mellomspelet ein ekstra spiss. Publikum fortalde at dei likte dette med ekstra applaus.

Sterk applaus vart også etter ”Do They Know It´s Christmas”, frå Band Aid i 1984, og like aktuell i dag. Publikum klappa takta saman med dei to på scena.

Halleluja
Jenny fortalde at då ho var komen til finalen i Idol i 2011, var ho i sterk tvil om kva melodi ho skulle velje å framføre. Det var ein som kom med forslag om ”Halleluja”, noko ho med ein gong syntest var ”teit”, men så prøvde ho, og det gjekk bra. Dermed vart det hennar finalesong for fire år sidan. Med flott gitarsolo frå Hallgeir Solli framførte ho denne songen. Publikum reagerte med sterk applaus.

Heilt til slutt på programmet stod Jussi Bjørling sin ”O helga natt” med Knut Marius. På førehand fortalde han at når han kjem heim til mor og far i jula, brukar han, broren og faren å konkurrere om kven som kan synge sterkast og lysast, mora set på seg øyreproppar medan faren utropar seg sjølv til vinnar fordi han høyrer litt dårleg. Knut Marius si framføring i Stordalshallen ga rom for tårer i augene.

Den ståande trampeklappen ville ingen ende ta. Dei to på scena invititerte eit ståande publikum til å synge inn jula saman med dei med songen ”Deilig er jorden”.

Ei flott oppleving rikare og med litt meir julestemning kunne publikum ta seg ut i kuldegrader og ein flott stjernehimmel, nesten likt ein god gammaldags vinter. Saman med bandet gjorde dei to vokalistane eit mektig inntrykk som det skal ta litt tid å fordøye. Samstundes med at framføringa var andektig og profesjonell, klarte dei å lage ei litt avslappa stemning og kontakt med publikum gjennom dei korte og humoristiske innslaga innimellom.

Heimebane
Etter konserten var det mange som ville takke, ikkje minst for Jenny vart det gjensyn med mange kjende. Sjølv synest ho det var veldig spesielt å halde denne konserten i Stordalshallen. Ho brukar ikkje å vere nervøs på førehand, men denne gongen kjende ho godt på ei spenning, fortalde ho. Isfjorden og Tomrefjorden stod på programmet vidare.

Jenny fortalde at ho no arbeider med ein musikal som skal framførast i Lørenskog i mars, som har tittelen ”Rent”. Musikalen er skriven av den amerikanske komponisten Jonathan Larson. Den handlar om ei gruppe sosialt utstøytte, som bur i eit hus som skal rivast i New York.

Ein del oppdrag vert det på Jenny, samstundes studerer ho litt fag.

– Eg ser føre meg at det er greitt å kombinere musikk og studiar. Det er godt å kunne ha ei utdanning også, seier ho.