Likar å halde på

Ragnhild Heidi Fauske er tildelt kulturprisen for Stordal i år.

Ragnhild Heidi Fauske er tildelt kulturprisen for Stordal i år.

Både under førjulskonserten i kyrkja laurdag og på julefesten på bedehuset fjerde juledag får vi nyte godt av korarbeidet til Ragnhild Fauske. Arbeidet med barnekoret er også ein viktig grunn til at ho i år får Stordal kommune sin kulturpris.

 

Ragnhild er utdanna lærar og har arbeidd i skulen i årevis. Det gjer ho også no, ho er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, på Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. Akkurat no skal ho ta det litt med ro etter ein meniskoperasjon, men krykkjene får likevel ikkje heilt fred. Med hjelp av dei har ho kome seg på korøvingane.

Lærar
19 år gammal flytta Ragnhild frå barndomsheimen på Valderøya og tok til på lærarskulen i Volda. På bedehuset i Volda møtte ho Roger Lillebø, som då dirigerte musikklaget der, medan ho spelte piano til koret. Han gjekk på vidareutdanning i musikk på høgskulen. Første lærarjobben hadde ho på Viken Folkehøgskole ved Gjøvik, medan Roger var lærar på Høgtun Folkehøgskule på Nordmøre.

Dei gifte  seg og fekk begge lærarjobb ved Høgtun Folkehøgskule i Torvikbukt på Nordmøre, der dei vart i rundt 20 år. Ragnhild fortel at ho i denne tida hadde permisjon kvart fjerde eller femte år for å jobbe i grunnskulen i kommunen.

– Folkehøgskulen er eit fantastisk skuleslag, der du lever tett opp i både personalet og elevane. Det blir ein livsstil, og eg likte det godt. Du får sjå ungdom som kjem til skulen, gjerne forknytte og utsikre, så blomstrar dei opp gjennom dette året og er ofte heilt endra når dei reiser derifrå, seier Ragnhild og fortel om mykje moro i kollegiet, elevkveldar der også lærarane kan vere med å underhalde, kle seg ut og ta seg sjølve lite høgtideleg. Men det gjorde godt med ei pause frå dette innimellom.

Dei to sønene, som no har vorte 26 og 31 år gamle, er fødde og vaksne opp i Torvikbukt. Lars Andreas har no faktisk teke til å jobbe som lærar nettopp på Høgtun Folkehøgskule.

I tillegg til almennlærarutdanninga med halvårseiningar i økologi og musikk har Ragnhild cand. pilol. i kristendomskunnskap ved NTNU i 1988 og grunnfag i nordisk i 1999 og tysk i 2004. Ved sida av hovudfag i kristendom i 1988, der temaet var oppfatning av synd og nåde hos ungdom, tok ho også husflidsfag. Interessa for fargar og veving vart mykje større enn ho hadde forventa. All tilleggsutdanninga etter lærarskulen har ho teke medan ho har vore i arbeid.

Til Stordal
Det er no meir enn 16 år sidan dei kom til Stordal. For Ragnhild vart det den første tida nokre engasjement i skulen både i Ørskog og på Stranda før ho tok til i fast jobb ved Stordal skule. Roger har heile tida vore lærer ved Liabygda skule.

For ti år sidan vart ho vekependlar, då ho tok til å jobbe ved Høgskulen i Volda. Her underviser ho i religionsfag, både for lærarstudentar og barnehagelærarstudentar. Undervisninga utgjer 50 prosent av stillinga medan den andre halvparten vert brukt til doktorgradsarbeid. Det arbeidet handlar om dei store undrings- og livssynsspørsmåla i barnehagen. Ho set fokus på korleis personalet samtalar med barna om eksistensielle spørsmål. Grunnlaget for forskinga har ho mellom anna frå video-opptak frå fire ulike barnehagar. Ragnhild forklarer at dette skal bli ei artikkelbasert doktorgradsavhandling, artiklar som ho skal setje i samanheng med kvarandre. Artiklane vert utgitt i tidsskrift. Ho innrømmer at det kan vere vanskeleg å kombinere doktorgradsarbeidet med undervisning. Innan 2018 bør ho vere ferdig med doktorgraden, ho får eitt år undervisningsfri når ho skal skrive den såkalla «kappa» rundt artiklane, der ho kan utdjupe samanhengane og det tidsskrifta ikkje gir plass til.

Bedehuset
– Vi vart veldig godt mottekne, både på bedehuset og i bygda, då vi kom til Stordal, seier Ragnhild.

Ho fortel at Karin og Arve Holt, som på den tida var sterkt engasjerte i bedehusarbeidet, forlet bygda, og at dei på bedehuset bad til Gud om at det måtte kome yngre krefter.

– Folk her i Stordal er ikkje skeptiske til nye folk om ein vil bidra til noko positivt. Foreldregruppa i barnekoret er heilt eineståande. Dei vil ikkje leie, men når det gjeld praktisk arbeid, stiller dei opp. Ingen av dei er aktive i kyrkje- og bedehuslivet elles, men når barnekoret deltek, ordnar dei ut. Eg har aldri lagt skjul på at på bedehuset forkynner vi. Ungane får oppleve både bøn og andakt. Vi lærer dei at dei kan be for og med kvarandre. Vi kan be til Jesus både i glede og sorg. Han har alltid tid til å lytte. Eg opplever at foreldre har late ungane gå til nattverd om dei ikkje gjer det sjølve. I barnekoret har vi alltid køyrt ei opa linje, noko som gjer det greitt. Foreldra veit at når dei sender ungane på bedehuset, får dei høyre om Jesus.

Formidle
Ikkje berre på bedehuset, men også i arbeidet likar Ragnhild godt å formidle, men barnehage og skule er ein annan arena enn bedehus og kyrkje. Ho er tydeleg engasjert i faget sitt og fortel om eit fleirkulturelt distrikt, Redbridge i Aust-London. Dit reiser ho årleg saman med studentane på ekskursjon.

I dette fleirkulturelle distriktet fortel ho om ein heilt annan aksept i barnehage og skule, om at dei har ulike religionar og livssyn, og at dei må akseptere kvarandre si tru. Når dei høyrer om nøytralitetsdebatten i Norge, flirer dei og fortel at slik var det der for 20 år sidan.

– Eg føler at det er litt anstrengt her i Norge. I realiteten er det større breidde innan dei fleste religionar enn det som kjem fram. Somme muslimar synest det er greitt at ungane går til kyrkje, andre ikkje. Også innan det humanetiske miljøet er det mange som har med dei tradisjonelle kristne julesongane, medan andre ikkje vil ha dei med. Men skulen har slurva, det skal vere eit skikkeleg alternativ for dei som ikkje går til kyrkje. Det skal vere eit likeverdig opplegg for dei også, seier Ragnhild og vender tilbake til Redbridge. Der kan ungane fortelje om trua si, dei lever i lag på ein skikkeleg måte og respekterer kvarandre. Ragnhild har aldri opplevd det som noko problem å ha vennar som tilhøyrer ein annan religion.

Tru
Ragnhild Fauske seier at ho aldri har lagt skjul på kva ho trur på, og synest det er unaturleg i eit samfunn der majoriteten høyrer til den norske kyrkja at ein ikkje skal vedkjenne seg det. Då må folk begynne å melde seg ut av kyrkja om dei ikkje vil ha noko med den å gjere.

– Her på Sunnmøre har det ikkje vore noko stort problem, men eg hadde hatt lyst å ha med meg mange barnehagelærarar og lærarar til Redbridge for å sjå korleis religionsundervisninga kan foregå på meir open basis enn her. Der er alle dei lokale trus- og livssynssamfunn med på å lage den lokale læreplanen. Det er spennande, og eg trur det er den vegen vi må gå. Dei fleste i verda trur på ein Gud. Her i Norge er det mange som meiner at det å vere nøytral er å ikkje snakke om Gud, fordi vi er oppdratt i eit nokså sekulært samfunn, der det å snakke om trua si ofte er tabu. Dei som kjem frå Asia og Afrika er veldig vane med å snakke om Gud og åndelege verdiar, og fleire spør kvifor nordmenn er så redde for å snakke om det. Dei oppfattar fort at nordmenn blir reserverte om ein vil snakke om religion.

Kulturpris
Ragnhild er ei engasjert dame. I jula er ho klar for å leie barnekoret og ungdomskora Aletheia og Charis. Kulturprisen fekk ho tildelt under konserten i Stordal kyrkje laurdag.

– Eg er sjølvsagt glad for å få kulturprisen og at arbeidet vi gjer på bedehuset blir verdsett, seier kulturprisvinnaren.