Resultatet av folkerøystinga i bygdene Norddal og Eidsdal viser at 91 prosent av dei som røysta, vil ha endra kommunegrenser.
Samanslåing av kommunane Stranda og Norddal har fått 55 prosent av røsytene. At bygdene Norddal og Eidsdal åleine går over Stranda har fått 29 prosent av røystene, medan 6 prosent av dei som har røysta ønskjer framleis å vere knytt til Norddal som eigen kommune.
214 personar deltok i avrøystinga, dette svarar til 56 prosent av dei som hadde røysterett i bygdene Eidsdal og Norddal ved kommunevalet 2015.
– Med bakgrunn i resultata frå spørjeundersøkinga ber arbeidsgruppa om at kommunestyret i Norddal arbeider vidare med alternativet samanslåing av Stranda og Norddal kommunar i det vidare arbeidet med kommunereforma. Vi trur også det hadde vore ein fordel med ei tilsvarande undersøking i dei andre bygdene i kommunen for å få ei oversikt over folkemininga i kommunen som heilskap, skriv Else Ragni Yttredal på vegner av arbeidsgruppa.