I år skal Ungdommens Kulturmønstring i Norddal arrangerast på Røde Kors-huset i Eidsdal. Tiandeklasse ved Eidsdal skule er arrangørar og dei er allereie godt i gang med oppgåvene sine.
– Det viktigaste no er at dei som har lyst, melder seg på innan fristen som er 5. februar, seier Mari Hjelle.
Mykje å gjere
Ho er i styret saman med Maria Rønneberg Grønningsæter og Jørgen Rødhammer. Av marknadsføringsarbeidet har dei allereie hengt opp plakatar og vore på begge skulane i kommunen og orientert elevane i femte til tiande klasse om kulturmønstringa.
– Du kan gjere kva som helst og du melder deg på på nettsida ukm.no, seier Mari Hjelle. Saman med Maria har ho teke kontakt med Storfjordnytt for å få merksemd i lokalavisa. Kulturskulerektor Arnfinn Dalhaug seier det skal vere greit å melde seg på på nettet, men er det nokon som treng litt rettleiing er det berre å ta kontakt.
– Vi vil at så mange som mogleg vil delta og at salen på Røde Kors-huset vert full av publikum, seier Maria Grønningsæter og ler. Alle elevane i tiande klasse ved Eidsdal skule kjem til å ha mykje å gjere med arrangementet. Dei skal vere konferansierar, ordne med jury, selje billettar og saman med foreldre ta seg av kiosken. I tillegg skal dei vere scenearbeidarar, gjere klar salen før og rydde etter.
Tysdag denne veka var det fem som hadde meldt seg på til kulturmønstringa. Det er no litt over ei veke til fristen for påmelding går ut, så arrangørane reknar enno med at fleire vil melde seg på. Det er elevane i tiande klasse som får inntektene av arrangementet. Dei går rett i klassekassa til bruk på Polen-turen dei skal på til våren.