Ikkje retningsval før på onsdag

Stranda kommunestyre hadde møte på kulturhuset tysdag ettermiddag og kveld. Mykje tid vart brukt på andre saker slikt at det vart vurdert slik at tida ikkje ville strekkje til for ei god og grundig handsaming av saka om retningsval i kommunereforma denne kvelden.

Stranda kommunestyre hadde møte på kulturhuset tysdag ettermiddag og kveld. Mykje tid vart brukt på andre saker slikt at det vart vurdert slik at tida ikkje ville strekkje til for ei god og grundig handsaming av saka om retningsval i kommunereforma denne kvelden.

Tidsklemma slo inn for fullt på kommunestyre-møtet i Stranda tysdag kveld, dermed vart saka om retningsval i kommunereforma utsett.

 

Det var eit samrøystes kommunestyre som var samd med ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i at ein treng god tid og eit klart hovud når eit retningsval for Stranda kommune skal gjerast, difor vart saka utsett ei veke og kommunestyret samlast på nytt komande onsdag for å handsame saka.

Skrinleggje nullalternativet
Utgreiinga frå rådmannen tar føre seg prosessen ein har hatt i Stranda kommune så langt og tilrådinga frå rådmannen i denne saka er i tre punkt. Det første punktet er å skrinleggje nullalternativet, rådmannen ser det med det ikkje som tenleg å arbeide vidare med at Stranda skal halde fram som eigen kommune. Det andre punktet i innstillinga er at Stranda kommune skal starte forhandlingar med Norddal kommune med sikte på å bli samde om ein intensjonsavtale for samanslåing. Det siste punktet i innstillinga seier at dersom ein ikkje når fram med forhandlingane med Norddal kommune, så skal Stranda gå i samtalar med Sykkylven kommune.

I saksutgreiinga blir det presisert at retningsvalet som skal takast neste veke er viktig, det vil få varig verknad for framtida, uansett om ein skaper ein ny kommune saman med andre eller ikkje. Rådmannen slår fast at uansett blir ikkje framtida slik som i dag.

Ber om klart svar
Rådmannen ber også kommunestyret om å tydeleg seie kva dei meiner no. Dersom det er slik at fleirtalet har bestemt seg for å halde fram som i dag, meiner rådmannen det er lite føremålstenleg å bruke omfattande ressursar på forhandlingar. Difor ber rådmannen om eit klart svar når retningsvalet skal handsamast.

Rådmannen hadde også lagt ved eit framlegg til intensjonsavtale mellom Stranda og Norddal kommunar. Dette var meint som eit utgangspunkt for eventuelle forhandlingar mellom dei to.

Stordal kommune gjorde sitt endelege retningsval medan denne utgåva av Storfjordnytt var i trykken og kommunestyret i Norddal kommune skal handsame sak om kommunereforma neste torsdag, altså dagen etter at Stranda kommunestyre har hatt ekstramøtet sitt om retningsvalet.