Med to ski opp og på ei ned att

Deltakarane i Valldal Splityboard Fest på Hegguraksla i strålande vintervêr laurdag i førre veke. Foto: David Kobza

Deltakarane i Valldal Splityboard Fest på Hegguraksla i strålande vintervêr laurdag i førre veke. Foto: David Kobza

David Kobza og Max Lehner  arrangerte sist veke, for aller første gong, Valldal Splitboard Fest.

Dei starta onsdag og var ferdig søndag og på den tida rakk dei å bestige mange fjelltoppar i Valldal og Tafjord. Dei går opp med to ski, set dei saman til ei og renn ned att. Med det vêret som var hadde dei ei fantastisk oppleving. Nokre sa dei hadde si beste frikøyring noko gong i Valldal. Fredag var det eit foredrag om skredproblematikk av ein profesjonell fjellguide frå Romsdal. Det 20 deltakarane var frå mange stader i Norge og nokon kom heilt frå Tyskland.