Kulturstipend og heiderspris

09_an årfest kulturstipend

Vibeke Nyli Innselset og Kjetil Holand Tøsse er framifrå representantar for ungdom frå Stordal som satsar og lykkast innan idrett. Ordførar Eva Hove delte ut kulturstipend til dei to.

Det er tradisjon å dele ut kulturpris og stipend på årsfesten i Stordalshallen og slik var det i år òg. To flinke og ivrige ungdomar som har fotball som si store interesse, fekk årets kulturstipend frå Stordal kommune.

Ordførar Eva Hove oppsummerte tradisjonen sidan 2002 og minte alle om at den vesle kommunen Stordal har eit unikt og inspirerande miljø for dei som driv med idrett og kultur. Vibeke Nyli Innselset og Kjetil Holand Tøsse fekk kulturstipendet frå Stordal kommune for innsatsen og sine prestasjonar i fotballsatsinga si i Molde fotballklubb i året 2015.

Begge to takke med å peike på det gode miljøet i Stordal og retta òg ei takk lagkameratane dei har hatt i Stordal. I tillegg til å gjere det godt innan fotball var dei begge gode alpinistar i sin ungdom i Stordal. Ordførar Eva Hove, og sikkert òg folket i Stordal, er stolte og glade for at dei gang på gang kan heidre ungdom som utmerkar seg og på det viset kan vere eit førebilete for andre som vil satse. I tillegg til blomster og diplom fekk dei to kvar ein gåvesjekk på 3.000 kroner.

Einar Kåre Hove er mannen som har lagt ned eit årsverk i dugnadsarbeid og vore vaktmeister i hallen heilt sidan starten. Han fikk diplom og heider og viktig var det òg denne dagen å heidre kona hans, Kirsten. Dei to i lag har gitt mykje til lokalsamfunnet i Stordal, noko dei òg har hatt stor glede av. Ein bevega Einar K. Hove understreka akkurat det og Kirsten kunne fortelje at etter at ho vart pensjonist hadde ho hatt mykje god trim med å svinse rundt med moppen. Salen reiste seg å klappa lenge og hjarteleg for dei to.

Einar K. Hove og Kirsten Hove vart sett stor pris på for sin innsats i Stordalshallen og ein diplom fekk dei med heim som bevis på det. Foto: Hallgeir Hove.

Einar K. Hove og Kirsten Hove vart sett stor pris på for sin innsats i Stordalshallen og ein diplom fekk dei med heim som bevis på det. Foto: Hallgeir Hove.