Samlar kunnskap om Storfjorden

 

Rundt 20 interesserte personar var med på den første samlinga.

Rundt 20 interesserte personar var med på den første samlinga.

Tysdag var rundt 20 fjord- og historieinteresserte samla på Nils- gardstunet i Stordal.

Ei gruppe med Johan Weiberg Gulliksen i spissen har jobba med å få til denne første samlinga. Bakgrunnen er ei interesse for å samle historie knytt til bruken av Storfjorden, både ferdsel, fiske, turisttrafikk, båtbygging, sjøhus, natur og ulykker. Mykje er teke vare på, men det er ei utfordring å samle denne kunnskapen, også å utvide den.

Prosjekt
Det var Anders Liaaen som hadde ein idé om å starte eit prosjekt om “Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden”. Ei arbeidsgruppe sett saman av Johan Weiberg Gulliksen, Are Homlong, Harald Kjølås og Jarle Sulebust hadde no teke initiativ til denne første samlinga.

Vegen vidare
I første omgang var føremålet med denne samlinga å stake ut vegen vidare. Rundt 20 personar, frå Skodje, Sykkylven, Ørskog, Ålesund, Stordal og Norddal møtte opp.

Det var semje om at dette ikkje skal munne ut i eit bokprosjekt.

– Vi skal prøve å engasjere folk til å samle inn informasjon i løpet av sommaren og hausten. Så tek vi ei samling igjen utpå hausten, sa Are Homlong.

Meininga er å få til ei database som blir liggande på nettet. Sjølve utforminga og innhaldet må bli til undervegs i arbeidet.