Fristen for å levere inn lister til kommunevalet til hausten gjekk ut 31. mars klokka 12. I Stordal er det fem parti som stiller liste, det er Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet. I alt 64 kandidatar står på lister til kommunevalet i Stordal. To av partia har kvinner på topp, det er Arbeiderpartiet med Eva Hove pg Senterpartiet med Kirsti Ruset Hjelle. Jan Are Remme toppar Høgre-lista, Roger Lillebø er på topp på Kristeleg Folkeparti si liste medan det er Jonas Falch som står øvst på Fremskrittspartiet si liste.
Dei politiske listene i Stordal
I Norddal er det fire lister å velje mellom, i alt 60 kandidatar her. To av dei som stilte til val for fire år sidan, stiller ikkje denne gongen. Det er Norddalslista og Fremskrittspartiet. Alle dei fire listene i Norddal har menn på topp. Terje Linge er øvst på Sosialistisk Venstreparti si liste, Olav Løvoll for Arbeiderpartiet, Viktor Valdal for Tverrpolitisk liste for Norddal og Arne Sandnes for Senterpartiet. Av dei 60 kandidatane er det berre fem som bur på sørsida i kommunen.