Den årlege basaren til Stordal Helselag vart arrangert for 102. gong fredag.
John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no
Tradisjonen tru vert den arrangert første fredagen etter påske, og har etter kvart fått Stordalshallen som fast tilhaldsplass. Like tradisjonelt er det mange engasjerte både i tillaging, gåvegjeving og gjennomføring.
Trass i det fine veret fredag var det mange som møtte opp for å skrive seg på loddbøker og kjøpe årar og samstundes få slå av ein prat med kjenningar etter ei arbeidsveke. Mange fine premiar var gjevne av privatpesonar, lag og verksemder, og fleire bar tungt heimatt denne kvelden.
Helselagsbasaren er viktigaste inntektskjelda til helselaget, og ei opptelling etter basaren synte ei brutto innkome på om lag åttisju tusen kroner, som er ti tusen meir enn i fjor. Dette er pengar som kjem godt med, det er mange i lokalmiljøet som nyt godt av desse gjennom helselaget sine gåver og arbeid.
– Stor takk til alle som støttar oss år etter år. Både næringslivet i bygda og bygdefolket har vore med på å støtte med gevinstar og frivillig arbeid for at arrangementet vart vellukka. Sjuande klasse frå Stordal skule med elevar og foreldre stilte opp og rigga hallen torsdag kveld og dei rydda hallen etter basaren seint fredag kveld. De gjorde ein kjempejobb. Ein flokk frivillige damer sto på kjøkkenet og laga mat til alle dei som møtte. Serveringa gjekk raskt og effektivt og eg trur alle vart mette, seier Jonas Falch i helselaget.