Sommaravlsutning i kulturskulane

23_kultur

Fredag var det sommaravslutning for kulturskuleelevane i Norddal kommune, ei sjarmerande framsyning.

Når det ikkje er mykje som minner om sommar ute, så er det veldig greitt med full sommarstemning inne. Og den var det det kulturskulen i Norddal som stod for fredag kveld. Kulturskulerektor Arnfinn Dalhaug ønskte velkomne og var den som batt programet saman.

Det starta med eit fellesnummer, ”Sommer og skolefri”, før det eine innslaget meir sommarleg enn det andre vart presentert. For å vise fram alle kulturskuleelevane, var fleire med på dei aller fleste innslaga. Dramatisering var det og, og til mykje latter i salen dukka Pelle Parafins bøljeband opp – med Ragna Rekkverk, Randi & Ronny og dei andre opp. Gitarsoloen midt inni der, forsvann då ein streng rauk og måtte fiksast, men det gjekk bra likevel.

– Viktig å ta vare på

Aspirantane til korpsa viste seg også fram. Kulturskulerektoren synest det er fanske fantastisk at det er tre korps i Norddal kommune.

– Dei er det utruleg viktig å ta vare på, meinte han.

Feleelevane spelte klassisk musikk, ein menuett og elles var det mykje song, både solo og i gruppe. I tillegg til feler og song fekk vi høyre altsaksar, blåsarar, pianospel og mykje anna. Ein tur på stranda i Postgirobygget sin ”En solskinnsdag” vart det og.

To sjarmerande bjørnar fekk vi også helse på. Då Dalhaug spurte Elida kva dyr ho eigentleg var, fekk han til svar ”tigerbjørn”.

– Jahaja, tigerbjørnen er ein sjeldan rase som berre hekkar her inne i fjårå, var den kjappe kommentaren frå Dalhaug til det.

Eit fellesnummer, ”Heal the World”, avslutta årets sommaravslutning, og kulturskulerektoren minte om at det enno ikkje er for seint å melde seg på til kulturskulen neste skuleår – om nokon skulle ha blitt inspirert av framsyninga.


 

Mange på scena i grendasalen

Alt frå firhendig piano til rein song fekk publikum nyte då kulturskulen i Stordal avslutta sesongen med konsert måndag kveld.

– Det vart for lite stolar denne gongen også, kommenterte programleiar og musikkskulerektor Bjørnar Midtbust då dei siste kom på plass etter å ha henta seg stolar frå hallen og inn i grendasalen.

Rektoren fortalde at det har vore vel 50 elevar i kulturskulen dette skuleåret, det er elevar frå andre klasse og oppover til tiande. Mellom 40 og 50 prosent av elevane ved Stordal skule er også elevar i kulturskulen. Dei største gruppene har instrument som piano og gitar.

Frå scena fekk publikum møte både reine soloartistar og samspel med ulike instrument. Først var det to songinnslag, sidan følgde ei gruppe med pianospelarar, der alle hadde valt kvar sine melodiar.

Berre ein elev spelar tverfløyte, og ho hadde to nummer. Meir song følgde før ei gruppe treblåsarar inntok scena, tre klarinettar og ein saksofon. Plutseleg verka ikkje G-en på saksofonen. Medan den vart fiksa, kunne Midtbust fortelje at G-en må verke, det er ein viktig bokstav og ikkje minst ein viktig note, ein klarer seg nesten ikkje utan G-en.

To grupper fiolinistar var i elden, først dei som har lært i to år og etterpå to sjarmtroll som har eitt år bak seg. Marcin og Kristine både spelte og song “Bjørnen sover”. Så var det klart for to større samspelgrupper med både gitarar, piano, trommer og song. Ei ny pianogruppe var på plass, endåtil to gutar som spelte firhendig.

To innslag med messinginstrument, både duo og solo. Heilt til slutt var det klart for den einaste gruppa for kvelden som hadde namn, Stordal jazzensemble. Åtte jenter med ulike messingsinstrument spelte stødig og flott, fire små stykke som fekk taktfoten til å gå.

Kulturskulerektor Midtbust kunne opplyse at inntaket til kulturskulen komande år er i gang, dei håper å få plass til alle dei rundt 50 søkjarane. Nytt av året er at interessa for gitar ikkje er så stor som ho har vore, medan dei som vil spele korpsinstrument er mange.

– Det betyr kjemperekruttering til skulekorpset, sa han og dermed var konserten over.