Skribentarkiv: Randi Flø

Juniorane tok prisar

Valldal juniorspelmannslag frå venstre: Mari Hjelle, Eline Eide Grønningsæter, Olina Nystad, Solveig Eide Grønningsæter og Aslak Waldal. Sara Rønneberg Nilsen var òg med, men ikkje tilstades då biletet vart teken. Foto: Øivind Eide

Valldal juniorspelmannslag frå venstre: Mari Hjelle, Eline Eide Grønningsæter, Olina Nystad, Solveig Eide Grønningsæter og Aslak Waldal. Sara Rønneberg Nilsen var òg med, men ikkje tilstades då biletet vart teken. Foto: Øivind Eide

Valldal juniorspelmannslag kom tilbake frå fylkeskappleiken i Tresfjord med to førsteprisar.

Les meir

Listene er klare

Fristen for å levere inn lister til kommunevalet til hausten gjekk ut 31. mars klokka 12. I  Stordal er det fem parti som stiller liste, det er Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet. I alt 64 kandidatar står på lister til kommunevalet i Stordal. To av partia har kvinner på topp, det er Arbeiderpartiet med Eva Hove pg Senterpartiet med Kirsti Ruset Hjelle. Jan Are Remme toppar Høgre-lista, Roger Lillebø er på topp på Kristeleg Folkeparti si liste medan det er Jonas Falch som står øvst på Fremskrittspartiet si liste.

Dei politiske listene i Stordal

I Norddal er det fire lister å velje mellom, i alt 60 kandidatar her. To av dei som stilte til val for fire år sidan, stiller ikkje denne gongen. Det er Norddalslista og Fremskrittspartiet. Alle dei fire listene i Norddal har menn på topp. Terje Linge er øvst på Sosialistisk Venstreparti si liste, Olav Løvoll for Arbeiderpartiet, Viktor Valdal for Tverrpolitisk liste for Norddal og Arne Sandnes for Senterpartiet. Av dei 60 kandidatane er det berre fem som bur på sørsida i kommunen.

Dei politiske listene i Norddal

Kommunestyret i Stordal i arbeid.

Kommunestyret i Stordal i arbeid.

Alle får adresse

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Formannskapet i Norddal har gjort endeleg vedtak om offisielle namn på vegane i Norddal kommune.

Ei namnenemnd vart nedsett hausten 2013. Gjennom fleire arbeidsmøte våren 2014 kom dei fram til ei innstilling som vart lagt ut på høyring i juni 2014, endeleg svarfrist for innspel var sett til 20. september. Les meir