Skribentarkiv: Alfred Nilsen

Siste dag med laksefiske i Valldøla

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Under Hoelsbrua i Valldal treff Storfjordnytt to ivrige laksefiskarar måndag denne veka. I bilen ligg to laksar på godt over seks kilo og no har dei ei lita pause i det fine vêret.

Plassen under Hoelsbrua i Valldal er i seg sjølv ei naturoppleving. Med kvelvingen frå brua over, ein flott kulp, eit lite kraftverk og vatn som i sola er litt turkis. Les meir

Sol og varm sand i Muribugen

30_muribugen

Dei herlege dagane med sol og varme den siste tida har fått folk til å finne fram badetøyet og vegen ned til fjorden. På badeplassen, som før sesongen starta, vart rydda og oppgradert av Valldal Hornmusikklag og elles folk som hadde lyst, har folk stokosa seg dei solfylte dagane.

I helga stod bilane tett og born og vaksne slikka sol og bada i den friske fjorden.