Kategoriarkiv: Nyhende

Lærer gammal byggemetode

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

Etter tre kurskveldar var to grinder ferdige, her er dei fleste kursdeltakarane samla for å studere resultatet. Foto: Audun Skjervøy.

– Grindbygg er ein beundringsverdig byggemåte.

Det seier Andreas Ødegaard og Ole Sander Ytterli. Dei er dei to yngste som er med kurset i grindbygg. Begge to er under utdanning som tømrar, Andreas går siste året som tømrar på Borgund vidaregåande medan Sander er tømrarlærling hos Duo Bygg i Valldal. Les meir

Folkedansgruppa i Stordal og Valldal

Valldal spelemannslag spelar op pl dans

Det går ikkje mange taktene frå Valldal spelemannslag før dansegolvet fyllest, kanskje ikkje så rart, når det er Folkedansgruppa i Stordal og Valldal som inviterer til dansekveld i Stordal.

 

Ein kveld med både takt og tone

Dansekvelden i Stordal sist laurdag var det mange som visste om. Dansarar frå Sykkylven, Tresfjorden, Rauma og andre stader var møtt fram for å svinge seg i dansen.

Les meir

Lettfatteleg skildring av vrien teknikk

 

Mette Hovden var innom redaksjonen for å fortelje litt om arbeidet med strikkeboka, og ho var naturleg nok storleg nøgd med at den endeleg er ferdig.

Mette Hovden var innom redaksjonen for å fortelje litt om arbeidet med strikkeboka, og ho var naturleg nok storleg nøgd med at den endeleg er ferdig.

Mette Hovden og søstra hennar har nyleg kome med ei spildrande ny bok om ein gammal teknikk.

Kontstrikk er ein gammal teknikk som var på full fart inn i gløymeboka. Les meir